Hopp til innhold

Timmi (12) har vore med matfar på jobb sidan dag éin

Luna, Rex og Timmi er med eigarane sine på jobb. Det kan både vere fordelar og ulemper med det, ifølgje veterinær.

Hunden Timmi og eier Gjert Marius Meland går rundt i butikken Fargerike.

BUTIKKHUND: Timmi har vore med matfar Gjert Marius Meland på jobb i butikken sidan han var ein liten kvalp.

Foto: Vegard Lilleås / NRK

I 22 år har det vore ein hund i butikken Fargerike Gjert i Holmestrand. Timmi (12) har vore med matfar Gjert Marius Meland på jobb sidan dag éin.

Før det igjen hadde far hans med seg hunden sin i ti år.

– Vi synest det er veldig koseleg, også er det ein familiemedlem.

Ifølgje Meland kjenner dei fleste kundane Timmi. Barn spør om dei kan komme innom og helse på.

– Nye kundar synest det er koseleg at han tuslar rundt her.

Ei undersøking frå Agria Dyreforsikring viser at langt fleire tek med seg hunden sin på jobb no enn før pandemien. Dei har spurt 400 hundeeigarar i undersøkinga.

Er det greitt å ha hund på jobben?

Fortel oss gjerne kva du tenker om å ha med hunden på jobb i kommentarfeltet nedst i saka.

Heilt normalt

På eit advokatkontor i Skien tuslar hundane Luna og Rex rundt. Dei er med matmor og matfar på jobben.

For advokat Helge Husaas og sekretær Jorunn Haugen er dette normalt. For andre kan det kanskje vere spesielt, trur dei.

Hunden Rex, advokat Helge Husaas, hunden Luna og sekretær Jorunn Haugen sitter sammen i sofaen på advokatkontoret.

Hunden Rex og matfar Helge Husaas, og hunden Luna og matmor Jorunn Haugen sit saman i sofaen på advokatkontoret. – No som hunden har blitt så gammal, betyr det alt at ho kan vere med meg på jobb, seier Haugen.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

– Vi seier frå til folk før dei kjem hit, fortel Husaas.

Viss nokre klientar er allergiske, blir hundane plasserte på eit anna rom, og dei sørgjer for at konferanserommet er heilt hundefritt.

Ifølgje advokaten synest dei fleste det berre er hyggjeleg, og han meiner det er ein god «icebreaker» å snakke litt hund.

Fordelar og ulemper

Det er både fordelar og ulemper med å ha hunden med seg på jobb, meiner veterinær Annika Kristensen i Anicura Skien Dyreklinikk.

Veterinær Annika Kristensen i Anicura Skien Dyreklinikk.

Annika Kristensen er veterinær i Anicura Skien Dyreklinikk.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Viss hunden har separasjonsangst, kan det vere fint å vere med eigaren på jobb.

Men Kristensen meiner likevel at hunden bør trenast opp til å kunne vere åleine.

– Det er positivt både for hund og eigar at dei får avstand frå kvarandre.

– Ein må også tenkje på arbeidsmiljøet til dei som faktisk jobbar der. Viss hunden bjeffar og pip, er det slitsamt både for hund og menneske.

Fullt forsvarleg arbeidsmiljø

Mette K. Reiten er jurist og har over 25 år erfaring med HR og leiing. Ho fortel at dette ikkje er regulert i ei lov.

Mette K. Reiten er seniorrådgiver for personal og ledelse i Compendia.

Mette K. Reiten er seniorrådgivar for personal og leiing i Compendia.

Foto: Compendia

– Dette er typisk personalpolitikk. Så lenge ting ikkje er forbode, kan ein bestemme korleis ein vil ha det på arbeidsplassen.

Det å ta med seg hunden på jobb kan fungere fint viss alle kjenner kvarandre godt og har ein låg terskel for å seie frå, meiner Reiten.

Ho poengterer at nokon kan vere allergiske eller redde for hundar.

– Når det startar nye folk, må det vere heilt lov å ikkje bli oppfatta som upopulær viss ein seier frå om ting. Og ein må vere villig til å endre praksis, sjølv om hunden har vore der i alle år. Alle har rett på eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø.

Hund som kollega

I fargehandelen i Holmestrand respekterer dei kundar som er allergiske eller redde, fortel Gjert Marius.

Timmi blir plasserte på kontoret om kundar gir beskjed.

– Vi har også kundar som har vore engsteleg for hund, som har sett han tassande rundt i butikken i mange år. Dei har no vorte vant til han og synest det er koseleg.

Timmi er som ein tilsett, og kollegaene hos Gjert Fargerike lurar med ein gong på kvar han er dei få dagane han ikkje er med.

– På morgonen i dag blei han heime, og det første dei seier når eg kjem inn døra er «kvar er bikkja?».

Gjert Marius Meland i Fargerike-butikken med hunden Timmi.

Gjert Marius Meland skildrar Timmi som ei roleg sjel. Vil du helse på Timmi, må du sjølv oppsøkje han.

Foto: Vegard Lilleås / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark