Tidleg om morgonen sundag 17. juli gjekk russebilen "Jallatralla" opp i røyk på Granli i Tinn. Det einaste dei fire russejentene som eigde bilen satt igjen med var vrakpanten på 1600 kroner.
Men no er alt gløymt, for torsdag fekk rjukanjentene hente ein sjekk på 20.000 kroner hos vegdirektoratet i Oslo.
- Flaks i uflaks, meiner dei fem jentene Ina Hardem, Stine Rosing Bull. Maci Dahl, Nina Hübette Landgraff og Kirsti F. Stang til Rjukan Arbeiderblad.
Vann loddtrekning i Vegdirektoratet
Dei 20.000 kronene blei vunne på loddtrekning i konkurranse med russebilar frå heile landet. Premisset for å vere med i konkurransen var at bilen var utstyrt med eit eige oblat som fortalte at dei var godkjent som russebilar.
Eigentleg mangla russebilen belter for å vere med i konkurransen, men det blei skaffa frå ein annan bil. Og slik fekk dei den ekstra godkjenninga i siste liten.
Men om morgonen den 17. juli blei russebilen "Jallatralla" påtent. Utan anna enn ansvarsforsikring måtte jentene svelge at mykje arbeid og 16.000 kroner som var lagt ned i bilen forsvant opp i røyk.
Smalt godt då tanken eksploderte
- Det blei ein del oppstuss, for det smalt godt då bensintanken eksploderte. Det var bittert å miste bilen, særleg når ein tenker på at brannen var påsatt. Det blei blant anna funne ei bensinkanne like i nærleiken, seier Nina Hübette Landgraff til Rjukan Arbeiderblad.
Men no er det balanse i rekneskapen etter at jentene har vore i Vegdirektoratet i Oslo for å innkassere gevinsten. Og i Oslo blei det tid til ein handletur og kanskje ein liten fest.