Hopp til innhold

Hans Herbjørnsrud får kulturpris

Prisvinnaren er ikkje audmjuk og svært takksam, han meiner prisen kjem alt for seint til å bety noko for forfattaren.

Hans Herbjørnsrud

Hans Herbjørnsrud er ikkje nøgd med å få kulturprisen no.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– No betyr forfattarskapen meir for Telemark fylkeskommune enn prisen betyr meg seier Herbjørnsrud.

Herbjørnsrud er utdanna lærar, og det var fyrst då han overtok på heimegarden at forfattaren kom ordentleg fram. Heime er garden Herbjørnsrud i Heddal utanfor Notodden der han og kona Anna bur.

I telefonkatalogen tittulerer han seg som gardbrukar.

– Det er vanskeleg å tittulere seg som forfattar når du bur i eit lite bygdemiljø seier Herbjørnsrud.

Det var garden og heimstaden som gav inspirasjon til forfattaren, som som Vesaas er han ingen heimstaddiktar. Temaene hans er universelle, sett inn i ei telemarksk ramme.

Prisbelønt forfattar

Forfattardebuten kom i 1979 med novellesamlinga "Vitne" som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Han har to gonger vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris, i 1998 for novellesamlinga "Blinddøra" og i 2002 for novellesamlinga "Vi veit så mykje"

Herbjørnsrud har ni bøker bak seg, og har delteke i ei rekkje andre bøker, blant anna ein antologi med norske meisternoveller. Han er omsett ei rekkje språk, og har fått mange prisar, blant dei Kritikarprisen og Tarjei Vesaas` debutantpris. To gonger er han nominert til Nordisk Råds Litteraturpris.

Herbjørnsrud vil ikkje inn på kvifor novellistar er mindre kjende enn krim- og romanforfattarar, men han er klar på at Karl Ove Knausgård er den største og viktigaste forfattaren i sin generasjon.

Artikkelen held fram under biletet.

Hans Herbjørnsrud

Hans Herbjørnsrud synest det var på høg tid at han fekk den fylkeskommunale prisen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Kulturbyråkratar er treige

Hans Herbjørnsrud synest det var på høg tid at han fekk den fylkeskommunale prisen, men meiner at kulturbyråkratane er alt for treige.

Til dømes fekk Haldis Moren Vesaas fylkeskulturprisen då ho var 85 år gamal og sjuk. Forfattar Bjørg Vik fekk også prisen i svært godt mogen alder.

– Me ser det same i Vestfold med t.d. Dag Solstad seier Herbjørnsrud. Slike prisar kunne bety noko for ein forfattar tidleg i karriera, men atskillig mindre når ein er veletablert og har ei mengd bøker bak seg, seier forfattaren som trass alt er glad for at han endeleg blei oppdaga også av Telemark Fylkeskommune.