Hopp til innhold

Sukkeravgifta fører til masseoppseiingar

FYRESDAL (NRK): Telemark Kildevann må seie opp halvparten av dei tilsette når eksporten til ICA i Sverige blir borte på grunn av sukkeravgifta. Det rammar hardt i ein kommune med 1300 innbyggarar.

Telemark Kildevann

Telemark Kildevann i Fyresdal må seie opp mange tilsette før sommaren etter at svenske ICA ikkje lenger vil kjøpe flaskevatn frå Noreg. Det blir for dyrt med den norske sukkeravgifta.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Produksjonen går framleis som normalt inne i produksjonshallen til Telemark Kildevann i Fyresdal. Flaskene kjem på rekke og rad på produksjonsbandet.

Men til sommaren blir det færre flasker.

Da forsvinn 15 av dei 30 tilsette.

– Det er veldig vondt for dei som kjem til å lide på grunn av dette i ei lita bygd som Fyresdal med 1300 innbyggarar. Det gjer vondt, seier styreformann Bjørn Bunæs.

Til samanlikning ville eit tilsvarande tal i Oslo vore at om lag 7300 mista jobben samstundes.

Telemark Kildevann

Slik er produksjonen hos Telemark Kildevann.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Trist

Ei av produksjonslinene blir stansa, samstundes som femten personar misser jobben på brusfabrikken. Stian Aasbakk har jobba i sju år på Telemark Kildevann:

– Dette er trist for dei tilsette, kommunen og bedrifta, seier Aasbakk.

Aasbakk fortel at dei tilsette ikkje var førebudde på nedbemanninga som kom. Men han seier at Telemark Kildevann har vore ein bra arbeidsplass.

– Eg kan kome heim kvar dag.

Han ser mørkt på sjansane til å få seg ein ny jobb i kommunen. Og er førebudd på å reise ut av bygda for å få seg ny jobb.

Telemark kildevann

Lars og Bjørn Bunæs (t.h.) den gongen Telemark Kildevann fekk kontrakt med Coca-Cola om å produsere Bonaqua.

Foto: Børre Karterudseter MMS-foto / NRK

– Veldig vondt for bygda

Det var då ein av hovudkundane, svenske ICA, bestemte seg for å satse på kortreist svensk vatn, at grunnlaget for den eine produksjonslina forsvann.

Telemark Kildevann lagar nemleg brusvatn med og utan smak, og desse hamnar i kategorien av varar som blir treft av den nye sukkeravgifta. Og å kjøpe dette vatnet no, blir dyrare for svenskane.

Bedrifta må på kort sikt gjennomføre tiltak som vil føre til at talet på tilsette blir redusert med femti prosent.

Bunæs har vore i kontakt med regjeringa for å freiste å få endra sukkertollen for varer som blir selt til EU, og med sukkeravgifta i Noreg.

– Eg meiner det ikkje er ei sukkeravgift, men ei produktavgift som gjeld 99 prosent av dei produkta som vi sel. Våre produkt blir 42 prosent dyrare i Sverige.

Bunæs seier at ein samrøystes norsk næringsmiddelindustri har forklart kva problem slike rammevilkår vil føre til.

Kan miste 60 arbeidsplassar

Erik Skjervagen, ordførar i Fyresdal

Ordførar Erik Skjervagen fryktar fleire arbeidsplassar blir borte.

Foto: Robert Hansen / NRK

For ordførar i Fyresdal, Erik Skjervagen, er det meir som skaper uro. For det kan forsvinne fleire arbeidsplassar i nær framtid.

– Regjeringa har sagt at vi ikkje får ta imot flyktningar. Vi har ei bedrift med 10–15 årsverk som har spesialisert seg på det. Og vi har vedtaket om å legge ned skogsleiren, så dette kan bli eit tap på opp mot 60 arbeidsplassar.

Dette er over ti prosent av arbeidsplassane i både offentleg og privat sektor i kommunen.

– Det kan føre til at folk må flytte, eller bli arbeidsledig og ta imot sosialhjelp. På sikt kan det føre til mindre og dårlegare tenestetilbod, fordi vi blir færre innbyggarar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark