Vanleg at dialektar forandrar seg
Det seier Kristian Ihle Hanto som er lektor i norsk språk ved Høgskolen i Telemark.
- Dette har å gjere med kommunikasjon, arbeid og pendling. "Bilær" og "båtær" har vi hatt lenge i Ulefoss og Lunde, og no høyrer vi det i mykje større grad i Sauherad og Bø også. Mens dialektord som "me" og "kon" blir svekka.
Hanto seier at det er fleire undersøkingar som viser det same. Nemleg at unge menneske i Sauherad og Bø i stadig større grad tek etter dialekta i Grenland. Og det er det fleire døme på.
Også i Vest-Telemark er det døme på at Grenlandsdialekta er i ferd med å spreie seg. Men Hanto trur likevel ikkje at dette betyr at dialektane vil forsvinne i Midt- og Vest-Telemark.
Heilt vanleg
- At grenlandsdialektane spreier seg til Sauherad og Bø er det vi måtte vente oss, seier Sylfest Lomheim som er språkforskar ved Høgskulen i Agder.
Han meiner at det ikkje er radio og TV som påverkar mest på dialektane, men dei tettstadene som vi har mest kontakt med.
- Regionsentra som folk har mykje kontakt med påverkar dialektane mest, seier Lomheim.
Undersøkingane viser også at det er jenter som har lettast for å skifte dialekt, medan gutane er flinkare til å halde på dialekta.