Fiskeretten for barn i vatn og vassdrag er ein del av allemannsretten. Det slår Høgsterett fast i saka som grunneigar Harald A. Kvålen frå Vinje reiste mot Staten.
I domen seier Høgsterett at barn under 16 år kan fiske fritt på Kvålen sine eigedomar, utan at Kvålen kan krevje erstatning.
Viktig for friluftslivet
- Domen er viktig, seier Tore Larsson i Telemark Jeger- og fiskerforbund. - Den stadfestar at Stortinget i 1992 hadde lov til å overføre rettar til ei gruppe. Eg er glad for at barna sitt fiske framleis kan være eit friluftspolitisk verkemiddel, seier Larsson.
Stortinget kan justere
I domen seier Høgsterett at Stortinget hadde rett til å justere grensene mellom eigedomsretten og allemannsretten, slik Stortinget gjorde i 1992, då barn under 16 år fekk rett til fritt fiske i innlandet.
Samstundes seier Høgsterett at grunneigarane ikkje lenger har full råderett over fisket. Frå nyttår og fram til 20. august kvart år er fiskeretten for barn i innlandet ein del av allemannsretten, slår Høgsterett fast.
- Politisk dom
Harald A. Kvålen meiner at Høgsterett har avsagt ein politisk dom. Han trur at domen kan bli eit større problem for Staten enn for han som grunneigar. - No vil alle dei som har vore utsett for overgrep frå storsamfunnet mobilisere mot nasjonalparkar og og andre brudd på eigedomsretten, trur Kvålen.