Geir Ove Nordnes kikkar oppgitt opp på taksteinen på det kvite trehuset sitt i Brevik. I tre år har han kjempa for å halde det raude taket slik som det er. Kampen har tappa han for krefter.
– Det er ei forferdeleg sak. Eg søkte jo gjennom dei rette kanalane, seier Nordnes.
FRUSTRERT: Geir Ove Nordnes tykkjer saka har vore forferdeleg tung.
Foto: Petter Melsom / NRKDet er vanskeleg å sjå korleis hustaket til Nordnes skil seg frå andre hustak i Brevik. Problemet er at taksteinen er glasert og følgjer difor ikkje regelverket for bustadfelta i Brevik.
Reglane der er nemleg strenge, slik at dei spesielle trehusa skal halde på særpreget sitt. Nordnes søkte difor kommunen om å leggje den glaserte taksteinen, og fekk ja.
Fortidsminneforeininga var ikkje nøgd med avgjersla og klaga til kommunen. Seinare har saka hamna hos Fylkesmannen. Som har gitt Nordnes varsel om 5000 kroner i bot kvar veke om han ikkje riv taksteinen.
BREVIK: Trehusa i Brevik har strenge reglar for kva ein kan gjere med dei.
Foto: Petter melsom / NRKVil ha kommunalministeren på bana
Fylkesmannen har altså teke ei avgjersle i saka og konkluderer med at taksteinen bør byttes.
STÅR PÅ SITT: Miljøverndirektør hjå Fylkesmannen i Telemark, Hans Bakke, seier kommunen ikkje hadde lov til å gje løyve om bygging av tak.
Foto: Petter Melsom / NRK– Rolla vår er å sjå om kommunen har følgt reglane i denne saka, og etter å ha kikka nærmare så meiner me at kommunen ikkje hadde lov til å gje huseigaren løyve å byggje taket, seier miljøverndirektør hjå Fylkesmannen i Telemark, Hans Bakke.
Bakke seier at avgjersle er endeleg, og at den ikkje blir endra. Det får ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss, til å sjå raudt.
– Om regjeringa ønsker å overstyre avgjersla me har teke i kommunen, så ventar eg at dei kjem ned hit og ser på taket sjølve, seier Kåss.
For huseigar Geir Ove Nordnes vert det surrealistisk om denne saka skal gå heilt opp til departementsnivå og kommunalminister Jan Tore Sanner.
KOM HIT: Ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss krev at kommunalministeren kjem til Brevik sjølv, om avgjersla skal takast frå høgste hald.
Foto: Petter Melsom / NRK– Eg hadde no håpa på ei løysing litt lengre ned i systemet, seier Nordnes.
– Men om ministeren kjem så har du kaffien klar?
– Da skal han få både kaffi og kake, ler Nordnes.