Gir opp pensjonat på Åmdals-Verk

Tungrodd byråkrati og lite hjelp frå kommunen er årsaka til at det nederlandske ekteparet som planla å kjøpe det nedlagde alderspensjonatet på Åmdals-Verk no flyttar tilbake til Nederland. Det seier ekteparet til Vest-Telemark Blad. Planen var å opne eit overnattingstilbod på Verket. Næringssjef i Tokke, Gunhild Austjord seier seg lei for at paret vel å flytte.