Hopp til innhold

Vil ikkje gje Geiteryggen statstilskot

Regjeringa vil stoppe statsstøtta til Skien Lufthavn Geiteryggen. Dermed kan det bli slutt for flytilbodet til Bergen før nye flyselskap er på plass.

Skien lufthavn, Geiteryggen

Statsstøtta på ti millionar kroner er viktig for framtidig drift av Skien Lufthavn Geiteryggen.

Foto: Roald Marker / NRK

Det er avisa Varden som melder dette torsdag ettermiddag.

Tom Cato Karlsen

Statssekretær Tom Cato Karlsen

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er definitivt, seier statssekretær Tom Cato Karlsen i Samferdselsdepartementet til Varden.

Statsstøtta utgjer halvparten av driftsinntektene til flyplassen, rundt 10 millionar kroner.

Har bedt om møte

Ordførar i Skien, Hedda Foss Five, har sendt brev og bedt om eit snarleg møte med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om framtida til Skien Lufthavn Geiteryggen.

Hedda Foss Five

Ordførar Hedda Foss Five.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Foss Five ønskjer å for å få ei avklaring om flyplassen får behalde statstilskotet til drifta før 18. juni.

Hedda Foss Five viser i brevet til at Wiederøe flyselskap legg ned drifta i slutten av juni, og styret i flyplassen har fått tilsegn frå Danish airtransport om at dei ønskjer å vidareføre flyruta til Bergen frå august, dersom eigaren kan gje forsikring om vidare drift.

– På den andre sida kan kommunen som flyplasseigar ikkje gi aktuell flyoperatør sikkerheit for vidare drift utan å vite om noverande statstilskot vidareførast, skriv Foss Five i brevet til samferdsleministeren.

Oppfyller ikkje kriteria

Statssekretær Tom Cato Karlsen meiner Samferdsledepartementet har behandla saka fleire gonger ut frå eit sett med kriterium som Skien Lufthavn ikkje oppfyller.

For å få statsstøtte må det blant anna vere minst ein times reisetid mellom Geiteryggen og flyplassen på Torp i Sandefjord.

Arne Rui

Styreleiar Arne Rui.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Skien oppfyller ikkje kriteria. Det er den brutale sanning. Det er ikkje hyggeleg å gi slike beskjedar, men flyplassen får ikkje statsstøtte neste år, seier statssekretær Tom Cato Karlsen til Varden.

Har ikkje høyrt noko

Styreleiar for Skien Lufthavn Geiteryggen, Arne Rui, seier til NRK at han ikkje har fått avgjerda om at flyplassen ikkje lengar får statstilskot frå departmentet.

– Eg har ikkje høyrt noko, så eg synest dette er ei rar sakshandsaming, seier Rui til NRK.

Arne Rui meiner Skien Lufthavn Geiteryggen oppfyller alle kriteria for å fortsatt få statsstøtte til drift av flyplassen.