Hopp til innhold

Gaupejakt kan bli etterforska

Gaupejakta i Tinn kan bli etterforska av politiet etter mistanke om at det er jakta ulovleg på ei familiegruppe.

Gaupe med unger

Den regionale rovviltnemnda har bestemt at det ikkje er lovleg å jakte familiegrupper med gaupe fram til 15. februar. (Arkivfoto)

Foto: Forsberg, Espen / SCANPIX

Den regionale rovviltnemnda for Buskerud, Vestfold, Telemark og Agderfylka har i år bestemt at det ikkje skal bli jakta etter familiegrupper med gaupe som opptrer saman før 15. februar.

Men dei første dagane i jakta blei det rapportert til Fylkesmannen om felling av tre årsungar og ei hogaupe i Tinn.

Gaupejakta i dette området, som Tinn er ein del av, er stoppa etter at det er felt sju gauper av ein kvote på fem dyr.

SNO har levert rapport

Jørund A. Ruud.

Jørund A Ruud er leiar av den regionale rovviltnemnda.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

Statens Naturoppsyn har levert ein rapport til Fylkesmannen, men denne er ikkje offentleg. Telemarksendinga har grunn til å tru at konklusjonen er at gaupejakta i Tinn ikkje var lovleg.

Det betyr at gaupejakta i Tinn kan bli ei sak for politiet.

Leiar i den regionale rovviltnemnda, Jørund A. Ruud, seier at dersom jakta er ulovleg, så er dette beklageleg.

– Men ingen er skuldig før det er ført bevis for det, og det er felt ein dom, understrekar Ruud.

I strid med vedtak

I så fall meiner han det er stikk i strid med vedtaket den regionale rovviltnemnda har gjort, om at det ikkje skal bli jakta på familiegrupper dei første fjorten dagane av jakta.

– Viss det er jakta etter familiegrupper i Tinn, så har dei med kunnskap og vilje sett seg ut over vedtak i rovviltnemnda. Og det er leit, for det går ut over heile jegermiljøet, seier Ruud.

Han meiner det er alvorleg at det blir jakta etter ei familiegruppe, og at dette er eit dyreetisk spørsmål.

– Det er ikkje hyggeleg å skyte ei mor vekk frå ungane sine, og det er ikkje så veldig greitt å skyte ungar heller, seier Ruud.

Hodyr har eit særskilt vern

Han seier at hodyr har eit særskilt vern i jakta etter rovdyr, fordi det skal bli halde oppe ei livskraftig stamme av gaupe i vår del av landet.

– Det betyr at vi må sørge for at det blir født eit visst tal med friske gaupeungar for seinare år, seier Ruud.

Det er grunnen til at rovviltnemnda har lagt ned forbod mot å jakte etter familiegrupper fram til 15. februar.

Ruud seier det ikkje er aktuelt for rovviltnemnda å kome med sanksjonar mot det aktuelle jaktlaget i Tinn.

– Vi er ingen domstol. Det er SNO som har tilsynet og følgjer opp jakta med undersøkingar og ei vurdering om det er aktuelt å melde jakta til politiet.

Han seier at rovviltnemnda no må drøfte andre og sikrare måtar å verne hodyra på ved seinare gaupejakt.