Hopp til innhold

Går tilbake på legevaktordning

Legevaktordninga i Bø og Sauherad går tilbake til å vere slik den var før sommaren, skriv Bø Blad. Den nye ordninga var at dei to kommunane hadde felles legevakt på Gvarv utanom ordinær opningstid. No vil det vere legevakt både i Bø og på Gvarv, avhengig av kva lege som har vakt.

Legevakta i Gvarv
Foto: Mikkel Aanderaa / NRK