Det var ein halv time etter midnatt at politiet fekk melding om at ein mann i elektrisk rullestol og ein kamerat hadde knust ei rute i ein bustad på Stathelle i Telemark.
Politiet rykka ut og fann føraren av rullestolen i rundkjøringa ved Brotorvet, men kameraten var sporlaust borte.
Måtte innom legevakta

Motorisert rullestol. Illustrasjonsfoto: NRK
Føraren av rullestolen, ein 21 åring som er godt kjent av politiet, blei teken med til sentralarresten i Porsgrunn. Men først gjekk turen til legevakta der det blei teke blodprøve av mannen.
Politiadvokat Svein Folkestad humrar litt når han fortel fakta i saka.
- Dei to mennene hadde vore på vitjing hos ein tredje kamerat. Han er rullestolbrukar, og dei hadde lånt hans elektriske rullestol då dei skulle vitje ein annan kamerat, seier Folkestad til TA.
Begge to satt på rullestolen under kjøreturen mellom dei to kameratane.
- På vegen skal dei ha kjørt inn i ein parkert bil, men eg kan ikkje seie om dette er eit skadeverk eller eit uhell, seier Folkestad.
Slepp tiltale for fyllekjøring
Vindusknusinga i huset på Stathelle ser politiet på som eit reint uhell.
Blodprøva blei teke med tanke på promillekjøring. Men det ser ikkje ut til at det å kjøre rullestol i fylla kan sjåast på som promillekjøring.
Det er reglar som går ut på ein toppfart på ti kilometer i timen og vekta til kjøretøyet som avgjer det. Derfor kan det heller tyde på det er brot på paragraf 3 i vegtrafikklova.
- Den handlar om aktlaus kjøring med sykkel og andre ikkje-motoriserte kjøretøy, seier Folkestad til TA.