Hopp til innhold

Fryktar smittevernbrot på Eventyrfabrikken

Eventyrfabrikken i Skien er klaga inn til kommunen for mangel på smittevern. Varslaren var gjest hos lekelandskjeden og reagerte på mengda folk i lokalet.

Mange besøkende på Eventyrfabrikken i Skien.

MANGE BESØKANDE: Ein av dei tilsette skal ha sagt at maksgrensa var nådd. Her frå inngang før ein kjem inn i sjølve leikeland.

Foto: Lars Tronsmo

– Dei tok opplagt ikkje omsyn til dei reglane ein må.

Det seier Lars Tronsmo. Ein regntung formiddag skulle han og nokre ungar nytte dagen på Eventyrfabrikken i Skien.

Det var fleire som hadde same tanke.

Strøymer på

Då Tronsmo spurde ein tilsett om det var fullt skal den tilsette ha sagt at maksgrensa på 200 personar var nådd, men at dei og nokre til kunne få kome inn.

Lars Tronsmo

REAGERER: Lars Tronsmo og ungane skulle berre kose seg i leikeland.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

Over ein time seinare seier Tronsmo at han reagerer på at det framleis strøymer inn folk, utan at han har registrert at det har gått så mange ut.

Tronsmo spør den tilsette att.

– Den tilsette sa at dei var langt over maksgrensa, men det var slik dei gjorde det den dagen.

Då Tronsmo spør kor mykje over, skal den tilsette ha svara at det trudde han ikkje var greitt å sei.
Tronsmo seier at han oppfattar det som at den tilsette hadde lyst til å stoppe køen, men hadde fått beskjed om å fortsette og sleppe inn gjester.

Stole på tiltaka

No har Tronsmo levert inn ei klage til Skien kommune om brot på smitteverntiltak.

– Me er i ei fase der det kan virke som folk tenker at dette ikkje er noko å bry seg om, men det er kanskje nettopp no me må stole på det myndigheitene har sagt og det reagerte eg på at dei så tydeleg ikkje gjorde her.

Assisterande sjef på Eventyrfabrikken i Skien, Iohut Rotaru seier det er vanskeleg å tru og nektar for skuldingane.

Iohnut Rotaru

UNDER GRENSA: Assisterande sjef på Eventyrfabrikken seier seg ikkje einig i skuldinga.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

– Det var litt travelt, men me telte alle gjestene våre i kassa og var alltid under grensa.

Han seier at dei har gode vaskerutinar, mykje informasjon og Antibac. Stolar er teke vekk frå enkelte bord, slik at ein ikkje kan sitje for nærme kvarandre.

Smittevernstiltak på Eventyrfabrikken

SMITTEVERNTILTAK: Fjerning av stolar og merking på bord er nokre av smitteverntiltaka på Eventyrfabrikken.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

– Me fylgjer alt som me har fått frå Helsedirektoratet.

Nokre gjester drog, andre kom

Han nektar for å ha gjeve noko beskjed om å sleppe gjester inn etter at maks tal på personar var nådd.

Eg sa til dei at dei skulle vente. Når nokre gjester drog, kunne andre kome inn. Det var alt.

Han fortel vidare at den tilsette i kassa skal ha kontroll på kor mange som kjem inn og kor mange som går ut, slik at nye kan sleppe til. Det kan ha vore ei misforståing på tellemaskinane for den tilsette denne travle dagen.

Trass observasjonane, fortel Tronsmo at dei hadde det hyggeleg og kunne gjerne kome tilbake. Men ikkje til slik det var no.

– Eg oppsøkjer slike stader så lengje eg er trygg på at dei fylgjer smitteverntiltaka. Men akkurat no så mista eg litt tillit til denne staden.

NRK har ikkje vore i kontakt med dei tilsette som jobba den dagen.

– Verksemda har ansvaret

Kommuneoverlege i Skien kommune, Trude Belseth Sanden, set pris på at publikum tar smittevernet på alvor og seier at alle klager blir opp følgde.

– Vi kan ikkje kommentera enkeltsaker, men alle verksemder har i utgangspunktet sjølv ansvar for at gjeldande regelverk blir følgt, og at drifta er smittevernfaglig forsvarleg, seier Belseth Sanden.

Besøkande og personell skal kunna halda minst éin meters avstand til personar som ikkje er i same husstand. Verksemda skal ha rutinar for god hygiene og renhold, og sørga for at rutinane blir overhaldne.

Når det gjeld besøkstalet så er det ulike reglar for verksemder og offentlege arrangement.

– Det er berre offentlege arrangement som har ei avgrensing på 200 personar. Verksemder har ikkje dei same talet påavgrensingar, men dei må sørga for at alle kan halda ein meters avstand og elles sørga for god hygiene og godt renhold, forklarer kommuneoverlegen.

Ho understrekar at òg at det er viktig at publikum bidrar med å overhalda reglane. Besøkande må sjølv lesa informasjonen på stader dei besøker, og bidra til at avstandskravet blir halde oppe.