Hopp til innhold

Fryktar Bø blir rånaranes Strömstad på skjærtorsdag: – Eg håpar folk held seg heime

I Bø og på Notodden er det venta rånarar frå heile Austlandet i påska. No håpar fleire, også folk i rånemiljøet, at planane blir stoppa.

Silje Shaffe Schaufel, er rånernes utstrakte hånd til ordføreren i Bø

Silje Shaffe Schaufel seier det er delte meiningar i rånemiljøet om kvar påska skal haldast til. Nokon vil treffast, andre vil halde seg heime.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Bø i Telemark har vorte eit veldig populært reisemål for bilglade unge etter NRK-serien «Rådebank».

Silje Shaffe Schaufel, talskvinne for rånarane i Bø, merkar at populariteten har auka.

– Lokale rånarar seier det kjem mange folk dei ikkje har sett før, seier ho.

Ho fortel at ho og fleire venner av henne ikkje kjende igjen nokon som var i sentrum for eit par helgar sidan.

– Det er veldig lite lokale rånarar som er ute, og så kjem det veldig mange menneske frå alle andre stader.

Fryktar smitte

Skjærtorsdag har i mange år vore dagen der rånarar frå heile landet reiser til Strömstad for å feste. No kan strenge karantenereglar setje ein stoppar for det, og få rånarar til å sjå etter andre stader.

Erna Solberg tilrår ingen å reise til Sverige i påska.

– Reiser du på ferie til Sverige i påska, får du karantene på karantenehotell, sa statsministeren under spørjetimen på onsdag.

Biler på en parkeringsplass i Strømstad på skjærtorsdag.

Parkeringsplassane i Strömstad er tradisjonelt fulle av norske bilar på skjærtorsdag. (arkivbilete)

Foto: Audun Braastad

Kristin Sekse, kommuneoverlege i Midt-Telemark og Nome, ønskjer ikkje at rånarar i staden skal valfarte dit og ta med seg det muterte koronaviruset til bygda.

– Viss det blir eit treff der mange møtest utanfor bilane, som ein tradisjonelt har sett, aukar smittefaren betrakteleg. Særleg når vi får besøk frå kommunar der det er mykje smitte, til dømes Vestfold-kommunane og Oslo og Viken, seier Sekse.

Håpar folk held seg heime

Ifølgje Schaufel går det føre seg mange diskusjonar på sosiale medium blant rånarar over heile landet rundt planane på skjærtorsdag.

– Det er delte meiningar om kva folk har lyst til. Dei yngre vil til Bø eller Notodden. Dei meir vaksne blir heller heime og ventar til korona har roa seg.

Ordføreren i Midt-Telemark ble med på rånetur i Bø i Telemark.

ARKIVVIDEO: Tidlegare i år vart ordføraren i Midt-Telemark vart med på rånetur i Bø i Telemark. Ho ønskjer å ha eit godt forhold til miljøet.

Ho seier at mange er opptekne av smittevern, og håpar folk held seg i bilane dersom dei tek turen til Bø.

– Eg vil ikkje bli sjuk, det har eg ikkje tid til. Eg håpar folk held seg heime.

Også Torodd Overåsberget kjent frå serien «Wunderland» har gått ut på Facebook og rådde rånarmiljøet frå å reise ut for å feste.

Fleire tilreisande

Svein Olav Grini, seksjonsleiar for politiet i Midt-Telemark og Nome, seier det sist helg var mange besøkjande i Bø frå Viken og Vestfold.

– Dei bør ikkje vere her no, seier Grini.

Ordførar Gry Fuglestveit i Notodden kommune seier ho håpar at rånarar utanfrå held seg i heimkommunen og følgjer smitteverntiltaka.

– Eg ser òg at i Notodden har vi flott og fin ungdom som har uttalt at dei ikkje ønskjer at folk reiser hit no, seier Fuglestveit.