Hopp til innhold

Fryktar lovlaust samfunn

Hovudmålet i den nye politireforma er å skape auka tryggleik der folk bur og ferdas i det daglege. Telemarksordførarar er skeptiske.

politireform
Foto: NRK

Det er organiseringa av gigantdistriktet Sør-Øst, Norges nest største politidistrikt, ordførarane i Telemark er skeptiske til. Dei fryktar at responstida blir lengre og at politiet ikkje vil vere til stades i distrikta.

NRK Telemark har snakka med fem av ordførarane i Telemark.

Skeptiske til reforma

– Eg er overbevist om at dersom det blir mindre politi her i Vinje, blir det lettare å gjere seg skuldig i lovbrot fordi sjansen for å bli teken er veldig låg. Det seier ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven.

– Når politimesteren presenterer statistikk over låg kriminalitet i Vest-Telemark, trur eg det er litt naivt å tru på dei tala, fordi når det ikkje er nok politi til stades er det lett at kriminaliteten ikkje blir oppdaga, legg Kleven til.

Fyresdals ordførar, Erik Skjervagen, er skeptisk til sentraliseringa.

Erik Skjervagen

Ordførar i Fyresdal Erik Skjervagen

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Eg er veldig skeptisk til den nye politireforma i det heile tatt. Dei seier at tenesta vil bli betre og føre til auka nærpoliti, det har eg dessverre ikkje noko tillit til. Det er klart det vil ha store negative konsekvensar. Vi har allereie sett at det er fritt fram for fleire typar kriminalitet, når politiet ikkje er til stades, seier Skjervagen.

Les også:

Behov for nærpoliti

I Midt-Telemark har dei tre kommunestyra i Nome, Sauherad og Bø vore tidleg ute med å vedta eit felles lensmannskontor.

Bjørg Tveito Lundefaret

Ordførar i Nome Bjørg Tveito Lundefaret

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Dette er viktig for oss, og me kjem til å kjempe saman for å få et felles kontor i Midt-Telemark. Det er eit stort distrikt, me har mange politisaker og mange utfordringar. Me har behov for eit godt nærpoliti, seier Bjørg Tveito Lundefaret, ordførar i Nome.

Unødvendig uro

Reaksjonane er klare og sterke frå kommunane i fylket. Men Christine Fossen, kommande politimeister i politidistrikt Sør-Øst meiner det er altfor tidleg å uroe seg for den nye reforma og politiets framtidige arbeid.

Christine Fossen

Kommande politimester i Sør-Øst Christine Fossen

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

– Vi har endå ikkje starta prosessen med korleis vi skal organisere det nye politidistriktet. I løpet av 2016 kjem vi til å involvere kommunane i dialog om korleis vi skal organisere polititenesta i distrikta på best mogeleg måte.

Ho forstår ordføraranes problemstilling, men seier at det er for tidleg å meine noko om det.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark