Det er truleg rundt 20 000 hus og offentlege bygningar som er sundskotne og heilt eller delvis øydelagde. I tillegg manglar folk både vatn, straum og brensel i eit Gaza som også kjenner vinteren og kulda.
Les:
Les også:
- Arbeidsløysa er ekstremt stor i Gaza etter to år med blokade, så vårt prosjekt baserer seg på å gje arbeid både til huseigarar og palestinske handverkarar, seier Mjaugedal som er frå Vinje i Telemark.
Se video: Jens Mjaugedal reiser til Gaza.
Emiren støttar Flyktninghjelpen
Emiren av Quatar løyver rundt 700 millionar kroner eller 100 millionar dollar til oppbyggingsarbeidet i Gaza, og ein del av desse pengane går til å støtte det arbeidet som Flyktninghjelpen set i gang.
Mjaugedal dreg til Quatar tysdag eller onsdag for å presentere det norske oppbyggingsprosjektet, og då reknar han me å få klarsignal på kor mykje støtte dei får frå Qatar. I tillegg til støtte frå Quatar, får Flyktninghjelpen støtte frå det norske utanriksdepartementet, den svenske regjeringa, EU og private donorar.
Oppbyggingsarbeidet kjem i alle fall til å ta eit og eit halvt år, og Mjaugedal reknar med at dei i alle fall vil byggje opp att 4000 hus slik dei gjorde i Libanon etter krigen mellom Israel og Libanon i 2006.
Sjukehus, barnehagar, skular og privathus
Det er ikkje berre privathus som treng omfattande reparasjonar, men også sjukehus, skular og barnehagar. Etter to år med blokade og mange år med krigshandlingar, er infrastrukturen i Gaza øydelagt og dei manglar dei mest basale tinga i infrastrukturen.
Straum og vatn er det viktigaste, men også brensel for å halde varmen er heilt nødvendig for at folk skal overleve.
I tillegg må det takast omsyn til at privathus og offentlege bygg til ein viss grad skal tilpassast dei mange krigsofra med sundskotne bein og armar.
Folk tek elendigheten med utruleg bra, dei deler det dei har og smiler midt oppi den håplause situasjonen. Men ein merkar at det er eit utarma og krigstrøytt folk seier Mjaugedal.
Kofferten klar
Mjaugedal og hans folk er klare til å dra nedover til Gaza så fort grensene blir opna og det går an å få inn hjelpesendingar og byggematerialar.
Klokka 18 tirsdag kveld overtek Ombama presidentembete i det kvite hus i Washington, og innan den tid har israelerane lova å vera ute av Gaza. Men om grensene blir opna avheng av korleis Hamas svarar på tilbaketrekkinga.
Dei internasjonale hjelpeorganisasjonane, inkludert Flyktningehjelpen, står klare til å gå inn i Gaza for å byggje opp at det som er skote og bomba sund etter 22 dagar med krig.