Hopp til innhold

Forskar på verdiskaping i kulturbedrifter

BØ (NRK): Kva er årsaka til at nokre kulturbedrifter lykkas og andre ikkje? Det skal forskarane no finne ut.

Prosjektet skal sjå nærmare på korleis ein kan auke verdiskapinga i kulturnæringa.

Interiørarkitekt Susan Klein-Holmen og lysdesignar Tonje Tjønneng-Haukås skal forskast på fordi dei har lykkast.

Telemarksforsking i Bø har fått tildelt seks millionar kroner frå Oslofjordfondet til eit nytt forskingsprosjekt.

Forskarane skal finne ut korleis ein kan auke verdiskapinga til kulturbedrifter. Det skal ein gjere ved å blant anna sjå nærmare på vellykka prosjekt i kulturnæringa.

– Det er strategisk viktig for Telemarksforsking å få eit slikt prosjekt som varer over fleire år, seier prosjektleiar Heidi Stavrum.

Kartlegg omfanget og storleiken

Heidi Stavrum har forsket på dansebandmiljøet

VERDISKAPING: Prosjektleiar Heidi Stavrum seier at prosjektet er viktig både for Telemarksforsking og for bedrifter som jobbar med kultur.

Foto: Universitetet i Bergen

Prosjektet skal sjå nærmare på korleis ein kan auke verdiskapinga i kulturnæringa. Liknande prosjekt er gjort før, men denne gongen skal ein gå litt meir konkret til verks.

– Mykje av den forskinga som ligg føre har kartlagt omfanget og storleiken på kulturnæringa. Det er mykje statistikk og tal, men mindre om korleis dei jobbar i praksis. Vi skal lage nærstudiar av kva som skjer.

Da treng ein også konkrete eksempel å sjå på, slik som mentorordninga i Kultubiz i Skien. Dei har halde på i fleire år og har hjelpt mange kulturelle aktørar å betre bedriftsteften sin. Blant anna ved å sette dei i kontakt med pensjonerte finanspersonar, som fungerer som mentorar.

Vil heise verdiskapinga

Linda Cecilie Furulund

KULTURANSVARLEG: Linda Cecilie Furuland trur fleire kjem til å bli gode.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Kulturansvarleg hjå kulturbiz, Linda Furulund gler seg til å vere med i forskinga og trur den vil kome fleire til gode.

– Det som går igjen hos kulturbedriftene er at dei ikkje er usikre på si kunstnariske kreative rolle, men dei er veldig usikre i si rolle som bedriftsleiarar.

Ho meiner også at det er viktig å sjå korleis ein kan heise verdiskapinga.

– Det blir gjerne sagt at kunst og kultur har veldig stort næringspotensial, og dette er eit stort forskingsprosjekt som skal finne ut korleis ein tar vare på det på best mogleg måte.

Prøvar å vere nøkterne

Det er mykje politisk optimisme rundt kulturell og kreativ næring om dagen. Stavrum i Telemarksforsking meiner likevel at ein må vere meir nøktern når dei skal ta til med forskinga.

– Frå nasjonal hald vil eg seie at den retorikken som omgir dette feltet er relativt luftig. Det å seie at kreative næringar er "den nye oljen" er ganske sterke utsegner.

– Vi prøvar å vere meir nøkterne, og i dette prosjektet skal vi sjå på konkret arbeid regionalt og lokalt. Det er interessant å få fram meir kunnskap om det, som kanskje kan stå i kontrast til dei store orda som kjem fram i kulturpolitikken, seier Stavrum.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark