Hopp til innhold

Foreldreforeining: Ekstremt tøffe tider for småbarnsforeldre

Mange mødrer slit med isolasjon og kan verken få hjelp av venner eller familie i frykt for koronasmitte.

Guro Gamnes Sneltvedt, nybakt mor

NYBAKT MOR UNDER KORONAEN: Guro Gamnes Sneltvedt kosar seg med sonen Alexander, men saknar familie og fellesskap.

Foto: privat

I januar blei Guro Gamnes Sneltvedt i Oslo mor for fyrste gong. Nå har Alexander blitt 2,5 månader og både ho og sambuaren er heime. Dei gjeng berre ut når sonen skal sove, og det følast nærast som å vere låst inne.

– Det er skikkeleg kjipt. Ein får ikkje møtt familien, og me får heller ikkje vist fram sonen vår.

Ho er glad han blei fødd før koronaen slik at dei kunne ha kontakt med besteforeldra i den aller fyrste tida.

Men sida ein i familien er i risikogruppa, tør ho no ikkje å møte familien anna enn på facetime på mobilen.

No i permisjonstida saknar ho også fellesskapen med andre nybakte mødrer.

– Eg skulle ønske eg kunne møte andre i same situasjon og dele erfaringar med dei.

– Mange triste mødrer

Landsforeningen 1001 dager, som jobbar med mental helse under graviditet og etter fødsel, er bekymra for gravide og nybakte mødrer på grunn av koronatiltaka. Dei meiner det er ekstremt tøffe tider for småbarnsforeldre.

Lena Yri Engelsen, generalsekretær Landsforeningen 1001 dager.

Lena Yri Engelsen i Landsforeningen 1001 dager seier det aldri var meininga å meistre omsorgsarbeidet aleine.

Foto: Stine Loe Jenssen

– Me opplever at mange gravide og nye foreldre er engstelege og triste no. Antall besøkjande på sida vår og nye følgarar på sosiale medium har eksplodert, seier generalsekretær Lena Yri Engelsen.

Det er mange nye mødrer som er aleine utan hjelp, men som treng det sårt.

Engelsen meiner det psykiske helsetilbodet før og etter fødsel var mangelfullt før koronaen, men at behovet no er kjempestort.

– Gravide og nye foreldre er sårbare, og einskilde opplever denne tida som svært krevjande. Dette er ikkje tida ein ynskjer å kjenne på utryggleik og frykt.

Vil mobilisere besteforeldre

Ho ber dei som treng det om å ta kontakt med lege, jordmor eller helsestasjonen, men ho oppmodar også besteforeldre til å stille opp meir enn før.

– Alle besteforeldre som er under 65 år, som er friske og ikkje i risikogrupper, bør støtte og hjelpe.

Ber far droppe heimekontor

For dei som får to eller fleire på ein gong doblar alt seg.

Kampen om merksemda til foreldra eskalerer blant større tvillingbarn medan dei med nye små står i det døgnet rundt.

Tvillingforeldreforeningen understrekar at det at fedrar eller partnarar bidrar er svært viktig og frarår familiane å ta ut dei ekstra tvillingvekene på slutten for å forlenge permisjonstida.

Ragnhild Male Hartviksen, daglig leder i Tvillingforeldreforeningen

Ragnhild Male Hartviksen i Tvillingforeldreforeningen meiner fedrar eller partnarar må ta ut mest mogleg permisjon.

Foto: privat

– Behovet er enda større no for at far brukar dei ekstra 17 permisjonsvekene heime i starten og ikkje sjonglerer kvardagen med heimekontor, seier dagleg leiar Ragnhild Male Hartviksen.

Dei 17 tvillingvekene kan far ta samstundes med at mor er i permisjon.

Ho meiner dette kan vere viktig for å unngå ein forsinka fødselsdepresjon hos mor når barna er 4–5 år.

Koronatiltak slit på familien

Også Mental Helses nye Foreldresupport-telefon merkar at foreldre slit på grunn av koronatiltaka.

Sigrid Øyen Mull, nestleder i Mental Helse Hjelpetelefonen og leder for Foreldresupport-telefonen.

Sigrid Øyen Mull, leiar for Foreldresupport-telefonen seier ein kan vere anonym når ein ringer eller chattar.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Trykket er stort både på telefon og chat frå folk som har problem med å takle kvardagen når både skule, barnehage og kontoret er heime, eller dei sjølv er permitterte.

– Normalt ville storfamilien ha hjelpt i slike situasjonar. Nybaka foreldre ville hatt litt avlastning om natta, eller litt eigentid, men det kan ein ikkje no, seier leiar for telefontenesta, Sigrid Øyen Mull.

Når store delar av hjelpeapparatet er stengt må det gå via telefon eller Skype.