Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Sp freder lokalsjukehus Reporter Arne Tovik
- Kommune: Hjartdal
Åslaug Haga, leiar i Senterpartiet.
Ho var i Hjartdal på laurdag, og sa at ho frykta for framtida til lokalsjukehusa på Rjukan og Notodden.
- Det er særleg ille at Rjukan kan miste akuttberedskapen og kanskje fødestoga, seier Senterparti-leiaren.
Senterparti-lederen er svært uroa for at lokalsjukehuset på Rjukan skal miste akuttberedskap og fødestoga.
Brukar valkampen
- Viss hjarteinfarktet kjem, eller det skjer ei bilulykke så bør det vere eit lokalsjukehus i nærleiken. Og er du gravid og må føde så bør det vere kort veg til hjelp, seier ho.
Åslaug Haga og Senterpartiet vil bruke valkampen i haust til omkamp om at politikarane skal ta tilbake kontrollen over sjukehusa og helsepolitikken.
- Eg har eit håp om at dersom det blir eit folkeleg opprør mot raseringa av lokalsjukehusa, så vil fleirtalet på Stortinget endre dei vedtaka som er gjort. Og dersom dei ikkje vil det, så bør dei seie klart ifrå om det, seier Haga.