Hopp til innhold

Sjå Odd-Strømsgodset direkte

Det står 2-1 til pause mellom Odd og Strømsgodset i treningskampen i LSK hallen på Lillestrøm. For dei som vil sjå kampen utan å reise dit er det likevel mogleg å sjå kampen.

Se kampen direkte her

Du kan sjå kampen her på nrk.no/telemark frå klokka 12.30. Det blir også sending før og etter kampen på facebook på NRK Telemark si side.

På facebooksida blir det intervju før kampen og reaksjonar rett etter kampen.

Rafik Zeknini skåra det første målet for Odd. Så skåra Fredrik Nordkvelle, før Marcus Pedersen reduserte for Strømsgodset på straffe før pausen.

Rafik Zeknini måtte gå ut med skade etter å ha fått ein smell i høgrebeinet.

Fotballkommentator Tom Ole Buaas, du skal følge kampen og kommentere sendinga. Dette er vel noko av den sterkaste treningsmotstandaren Odd kan finne her til lands?

– Det er det absolutt. Og Odd har satsa på veldig hard motstand i treningskampane i år. Det er ikkje så mange av dei, for det er kort tid til seriestart, seier Buaas.

Blir ein spennande kamp

Odd møter Strømsgodset og Rosenborg i treningskampar i Norge. Og så reiser laget til utlandet for å spele mot svenske lag, før dei avsluttar mot Lillestrøm rett før seriestart.

– Odd får litt å bryne seg på når dei møter Strømsgodset for det er eit veldig godt lag med Marcus Pedersen på topp. Men eg trur Odd har landets beste forsvar nå når dei har fått Fredrik Semb Berge tilbake. Så det blir spennande å sjå om dei klarar å temme Marcus Pedersen som har vore veldig god i dei første treningskampane.

Strømsgodset

Strømsgodset møter Odd. SIF- spelarane Gustav Mendonca Wikheim, Iver Fossum og Marcus Pedersen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det er ein dryg månad til sesongstart 12. mars. Kva betyr resultata i treningskampar?

– Det teller ikkje med i resultatet når sesongen startar, men vi ser jo litt av desse kampane om kor landet ligg. I alle fall, trur vi det, vi som følger med. Det blir nok ein del bytte av spelarar, men vi får også sjå litt bak resultatet og korleis nye spelarar fungerer.

– Førebels har eg ei kjensle av at Odd for første gong kan vere med å kjempe om gullet for alvor. Det har eg aldri kjent før ein sesong at Odd skal vere ein gullkandidat, men i år trur eg Odd kan vere med heilt til topps, seier Buaas.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark