Hopp til innhold

Fleire unge kuttar kjøtet

Salet av kjøtfrie produkt har eksplodert det siste året. Dyrevelferd, miljø og helse motiverer unge menneske til å velje bort kjøtet.

Andrea Heitmann og Victoria Fjeldkårstad Johannessen

KJØTFRI UNGDOM: Andrea Heitmann (26) og Victoria Fjeldkårstad Johannessen (22) opplever at fleire på deira alder kuttar ut kjøtet.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det er for gale at me skal behandle dyr dårleg, berre fordi dei smaker godt, seier Victoria Fjeldkårstad Johannessen. Ho har vore veganar i eitt år, og et difor korkje kjøt, fisk eller mjølkeprodukt.

Ho har merka ei drastisk endring i utvalet av kjøtfrie produkt i butikkane. Burgarar av sopp og farse av soya er berre nokre eksempel på produkt som har kome i butikkane.

Andrea Heitmann har litt meir erfaring som veganar. Det har gått seks år sidan ho la om livsstilen. Ho stadfestar at det har skjedd mykje sidan den gong.

– Den gongen var det nesten håplaust, men dei to siste åra har det skjedd mykje.

vegetarburger

STØRRE UTVAL: Burgarar av raudbeter, erter og sopp har dukka opp i butikkhyllene.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Eksplosjon i salet

Større utval i butikkane er ingen tilfeldigheit. Kjøtfrie produkt er ein av dei varegruppene som aukar mest i norske butikkar.

– Me må jo følgje med på kva folk vil ha, og da er det viktig med større utval, seier dagleg leiar i COOP Extra på Ulefoss, Magne Gunnerød.

Han merkar at trykket på kjøtfrie produkt har auka, og må jamleg fylle på i hyllene.

COOP melder om den største veksten. Dei har seld nesten dobbelt så mykje kjøtfrie produkt som på same tid i fjor. Joker og Spar har allereie tangert salet frå i fjor. Meny og Rema 1000 melder også om eit auke i salet.

Fleire av butikkane opplever også at det for det meste er unge menneske som nyttar kjøtfrie produkt. Salet er ofte høgare i byar og tettstader der det bur studentar.

Magne Gunnerød, Dagleg leiar Coop Extra Ulefoss

FLEIRE VIL PRØVE: Magne Gunnerød i COOP Extra opplever at fleire ønsker å prøve dei kjøtfrie produkta.

Foto: Martin Torstveit / NRK

For mykje raudt kjøt

Helsedirektoratet har i lang tid vore urolege for kjøtinntaket til nordmenn.

– Me et for mykje raudt kjøt. Det aukar risikoen for både hjarte og karsjukdommar, men også ulike typar kreft, seier divisjonsdirektør i helsedirektoratet, Linda Granlund.

Dei tykkjer difor det er positivt at fleire nyttar seg av alternativ til det raude kjøtet.

– Det er jo høgt inntak av tilarbeida produkt som pølse og farse me ser på som det største problemet, fordi dei ofte inneheld mykje salt og metta feitt, seier Granlund.

Likevel peiker Granlund på at kjøtfrie produkt ikkje automatisk er sunne, og oppfordrar folk til å sjekke kva vara inneheld.

Linda Granlund

ANBEFALT KOST: Linda Granlund i Helsedirektoratet anbefaler eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt, grove kornprodukt og fisk. Samtidig som ein reduserer inntaket av raudt kjøt, salt og sukker.

Foto: Helsedirektoratet

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark