Hopp til innhold

Flaumen på retur ved Hjellevannet

Flaumen er på retur i Skiensvassdraget. Ved Hjellevannet i Skien har vasstanden gått ned med om lag 40 centimeter sidan fredag.

Flom i Skien

Flaumen er på retur i Skien. Men framleis er det mykje vatn igjen i Hjellevannet i Skien laurdag morgon.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Skien kommune opplyser at vasstanden i Hjellevannet er 7.30 meter over havet klokka 07.45 laurdag morgon.

Det er ned 40 cm frå flaumtoppen fredag klokka 12.

Det er venta at vasstanden i Hjellevannet vil gå ned 40-50 cm til det neste døgnet.

Normal vasstand i Hjellevannet er 5 meter over havet.

Båt på land ved Bakkestranda i Skien

Denne båten ligg på tørt land ved Bakkestranda i Skien etter at vasstanden har gått ned laurdag.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Flyt mykje vrakrestar etter flaumen

Det flyt nå mykje tømmer og vrakrestar i elva og ute i fjorden etter flaumen, som kan vere ein fare for dei som er ut i småbåtar.

Målestav ved Hjellebrygga i Skien

Vasstanden i Hjellevatnet har gått ned med 40 centimeter sidan fredag.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Det flyt tungt i vatnet og kan vere vanskeleg å sjå for småbåttrafikken, åtvarar ein innringar ved Krabberødstrand i Bamble.

Oppover i vassdraget er vatnet i ferd med å trekke seg sakte tilbake, men det er framleis mykje vatn igjen.

Øst-Telemark Brugseierforening melder at Norsjø nådde flaumtoppen fredag, og at vasstanden vil gå sakte nedover.

I Tinnsjøen, Heddalsvatnet og Seljordsvatnet blei flaumtoppen nådd på torsdag og at vatnet er på retur.

Søppel i elva etter flaumen

Det er mykje søppel, tre og vrakrestar som flyter ned elva og ut i fjorden etter flaumen. Bilete er frå Porsgrunn.

Foto: Stig Bolme / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark