Hopp til innhold

Oppfinnar lagar kork-opnar

PORSGRUNN (NRK) : Korleis opnar du ein flaske- eller kartongkork dersom du har lite kraft i hendene? Jens Arne Gill Dolmen har fått pengar av Innovasjon Norge for å løyse gåta.

Oppfinner fant opp flaskeåpner.

Han er ikkje den einaste som slit med å opne korken på mjølkekartongar og brusflasker. Det er mange som er veike i klypa og må hjelp. Det var slik ideen oppstod. CP-råka Jens Arne ville helst klare det sjølv, og han fekk ein idé til ei enkel løysing.

– Eg syns noko av det vanskelegaste er å opne mjølkekartongar, seier han.

Jens Arne Gill Dolmen slit med å opne flaskekorkar

Jens Arne har cerebral parese og må ofte ha hjelp for å få av korken. Det er han ikkje aleine om.

Foto: Anne Lognvik

Frå Innovasjon Norge fekk han 225 000 kroner i støtte, og med seg på laget fekk han Høgskolen Sørøst-Norge. No har han utvikla ei prototype som er støypt i plast i 3D-printaren på høgskulen.

Genialt enkelt

Høgskolelektor Ole Melteig ved Høgskolen Sørøst-Norge i Porsgrunn er imponert over Jens Arne og det enkle men funksjonelle verktøyet han har utvikla.

Korken og opnaren blir støypt i ein 3D-printer på høgskolen.

Korken og opnaren blir støypt i ein 3D-printer på høgskolen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Høgskulen har hjelpt til med å tenke ut modellen i 3D-format, slik at den kan støypast og testast ut.

Enno står det att ein del justeringar, men prinsippet er klart. Ved help av spor i korken, kan ein bruke plast-stonga som ein skiftenøkkel eller spaltel. Den ekstra lengda gjer det mykje enklare å opne korken.

Dei ventar spente

Ole Melteig og Jens Arne Gill Dolmen ventar spente ved 3D-printaren for å sjå den nye prototypen som kjem ut.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Universell utforming

I Noreg har me ei streng lov om universell utforming. Det er det meste som blir bruka av folk flest skal vera forma ut slik at alle kan bruke det. Det styrker saka til Jens Arne Gill Dolmen. I prinsippet skal både han og andre som har nedsett fysisk funksjon kunne klare å takle til dømes opning av ein mjølkekartong.

– Eg trur at det er mange, både unge og gamle, som slit både med å opne korkar. Folk med leddgikt og andre sjukdommar har heller ikkje lett for å opne flaske- og kartongkorkar.

Både Tine og Coca-Cola er positive

Den store norske mjølkeprodusenten Tine og brusgiganten Coca-Cola er positive til å forbetre sine korkar.

Kommunikasjonsdirektør Per Hynne, Coca-Cola Enterprises Norge skriv:

«Vi synes dette er spennende. Vi er opptatt at våre produkter skal være tilgjengelige for alle, og tar gjerne en nærmere titt på denne løsningen.»

Flaskeopnar

Flaskeopnaren er enkel og funksjonell

Foto: Anne Lognvik / NRK

Kommunikasjonssjef Sindre Ånonsen i Tine svarer:

TINE synes alltid det er interessant med tilbakemeldinger fra forbrukeren - uansett hvilke behov de har. Og selvfølgelig ønsker vi å treffe forbrukeren med de produktene vi har - også når det gjelder brukervennlighet. Alle som har gode ideer på dette området, er hjertelig velkommen til å dele dem med oss, og vi tar gjerne en prat med Dolmen.

Vil ta opp spørsmålet med brukarane

– Eg vil ta dette opp både med Sunnås sjukehus og med brukarorganisasjonar som Norges Handikappforbund og andre, seier Gill Dolmen. Han er sjølv opptatt av innovasjon, og trur at dette enkle verktøyet vil kunne lette kvardagen for mange som elles har nok å stri med.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark