Hopp til innhold

Robot desinfiserer etter korona-pasientar

Eit smitteutbrot for snart to år sidan gjorde at Sykehuset Telemark leita etter betre teknologi. Nå har ein robot blitt eit viktig hjelpemiddel i korona-krisa.

Fjernstyrt UVC-robot Sykehuset Telemark

EIT GODT HJELPEMIDDEL: Ein fjernstyrt UVD-robot desinfiserer romma til koronapasientar.

Foto: Roy Stian Gunnulfsen

Sykehuset Telemark meiner dei er blant dei første ute her i landet med å ta i bruk ein fjernstyrt UVD-robot.

Roboten blir brukt til å desinfisere romma til korona-pasientar og andre smittepasientar, samt førebyggje smitte ved hjelp av UVC-strålar.

Da VRE-bakteriane herja for to år sidan, såg sjukehuset og reinhaldarane behovet for ein teknologi som kunne desinfisere rom i løpet av kort tid.

Den gonga lånte dei ein robot som blei brukt i ambulansar. Den desinfiserte ved hjelp av gass.

Sjølve desinfiseringa tok fire timar, og med alt for- og etterarbeid tok det ein heil arbeidsdag å desinfisere eitt rom.

Nå sparer dei mykje tid med ny teknologi. Den nye roboten sjukehuset har kjøpt, er utvikla i Danmark av selskapet UVD Robots, og har blitt skaffa gjennom den norske utstyrsleverandøren Vingmed.

Klart i løpet av 20 minutt

Roboten blir bruka i ein kombinasjon med vanleg reinhald.

I løpet av kort tid desinfiserer UVD-roboten romma til korona-pasientar og andre smitta. UV-lyset gjer at roboten drep viruset og bakteriar på områda den strålar.

– Med denne UVD-roboten er romma desinfiserte etter 15 til 20 minutt avhengig av kor stort rommet er. Da er rommet heilt klart til bruk etterpå, seier Jeanette Larsen.

Larsen er reinhaldsoperatør og smittevernkontakt ved Sykehuset Telemark. Ho er glad for at roboten kom til sjukehuset rett etter påske.

Jeanette Larsen

GODT TIDSPUNKT: Reinhaldsoperatør og smittevernkontakt ved Sykehuset Telemark, Jeanette Larsen, synest roboten kom på eit lagleg tidspunkt.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Når roboten skal desinfisere eit rom etter at det er vaska, står reinhaldaren på utsida og styrer ved hjelp av eit nettbrett. Etterpå blir det målt at all smitte er fjerna. Indikatorbrikker dokumenterer effekt av desinfeksjonsprosessen.

Nå håper Larsen på at dei kan fortsette å bruke UVD-roboten kvar dag etter korona-krisa har lagt seg.

– Ønsket mitt er at når epidemien er over, så skal vi få køyrt roboten kvar dag for å halde bakteriefloraen nede. Det er draumen. Da vil vi få eit ganske trygt sjukehus, seier Larsen.

Er trygg på at det er reint

Leiar av eigedomsseksjonen ved Sykehuset Telemark, Roy Stian Gunnulfsen, er også trygg på teknologien.

– Måleapparatet viser at dersom du strålar møblar, senger eller dørhandtak, så blir dei desinfiserte, seier Gunnulfsen.

Roy Stian Gunnulfsen

STOLAR PÅ TEKNOLOGIEN: Roy Stian Gunnulfsen, leiar av seksjon eigedom ved Sykehuset Telemark, er trygg på at roboten får vekk viruset.

Foto: Anne Lognvik / NRK

UV-lys er kjent som ein desinfiserande metode for ulike bakteriar og virus, fortel han.

Truleg det første sjukehuset i landet med UVD-robot

Sidan roboten blei tatt i bruk rett før påske, har teknologien skapt nysgjerrigheit ved andre sjukehus.

– Fleire sjukehus har ringt oss for å spørje korleis den er å ha i bruk, fortel Gunnulfsen.

Det er selt opp mot 70 eksemplar av roboten verda rundt. Sykehuset Telemark fekk tak i den einaste som var i Noreg.

– Det er mange som er interesserte i å begynne å bruke denne roboten no. Vi har vore heldige som fekk skaffe oss ein slik, og kan bruke den no i koronatida, seier Gunnulfsen.

REINGJERING AV AMBULANSAR: Sykehuset Telemark brukar også robot til å reingjere ambulansar, men det er ein annan metode (arkivvideo).

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark