SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Under leitinga i førre veke fann Sundberg også eit krater på botnen av vatnet. Svensken trur sjøormen, Selma, skjuler seg i dette krateret.
Jan-Ove Sundberg speider etter sjøromen i Seljordsvatnet, og lovar å kome att neste sommar.
Sundberg filma det han trur er sjøormen på den siste dagen årets ekspedisjon til Seljordsvatnet. Og no meiner han at fleire års tålmodig leiting er krona med hell.
Også for nokre år sidan presenterte Jan-Ove Sundberg bilete av det han hevda var sjøormen. Det visa seg å vere uklare straumvirvlar i ein bekk.
Filma eit knudra hovud
- Eg har anten filma eit knudra hovud eller overdelen av pukkel komplett med tagger, seier Sundberg til avisa Varden.
Han fortel at opptaket blei gjort måndag føremiddag.
- Dei andre rakk ikkje å få auga på det eg såg før det var vekk. Difor kan det ikkje ha vore ei bøye. Ender kan sjølvsagt dukke ned i vatnet, men dei kjem jo opp igjen, seier Sundberg til avisa.
Han forstår ikkje at det kan vere anna enn sjøormen, brukar ordet "det" framfor namnet Selma om sjøormen.
Sundberg fortel til Varden at objektet han såg var 30-40 centimeter langt, svart og med moglege inn slag av kvitt og raudt.
- Men sola var sterk, og når det gjeld fargane kan eg ha blitt lura av lyset, seier han.
Brukar helga til å analysere filmen
No skal han bruke helga på å analysere filmen nøye, og seier han ikkje vil offentleggjere bileta før dette er gjort.
Dette er eit filmopptak sjøormjeger Jan-Ove Sundberg gjorde for nokre år sidan av det han meiner er sjøormen i Seljordsvatnet
Sundberg har også filma sjøormen for fire år sidan, og no skal han samanlikne dei to opptaka.
- Vi sirklar inn sjøormen no, og før eller seinare fangar vi henne, seier han.
I tillegg til filmopptaket har ekspedisjonen gjort fleire interessante funn. Første dagen fann dei små krater på botnen.
- Til liks med pirålen trur vi sjøormen kryp inn i desse, seier Sundberg.
Ekspedisjonen har også funne eit veldig særskilt sjøgras. Og lovar å kome tilbake neste sommar.
Lenke til sjøormsider på engelsk