Hopp til innhold

Ferdsel på vidda trugar villrein – vil flytte merka stiar og DNT-hytter

Ny rapport foreslår radikale tiltak på Hardangervidda.

Sti ved Haukeliseter

KAN BLI FLYTTA: Den merka stien frå Haukeliseter til Hellevassbu og Litlos er ein av stiane som blir foreslått flytta. Viss talet på passeringar på ein merka sti er meir enn 25–30 personar per dag, vil reinsdyra unngå desse stiane og i mange tilfelle ikkje krysse over stien.

Foto: Sindre Thoresen Lonnes / NRK

Heilt sidan 2001 har forskarane kartlagt villreinen sin ferdsel med GPS. Og dei siste fem åra er også den menneskelege ferdselen kartlagt.

Nå har forskarane kopla saman data frå villrein og folk.

– Den menneskelege aktiviteten har nådd eit nivå der vi er nøydd til å gjere radikale tiltak for å ta vare på villreinen, seier Vegard Gundersen i NINA.

Hyttebygging, vegar og ferdsel i randsona har ført til at villreinen har fått mindre areal å bevege seg på.

I kjerneområdet for villreinen er det mykje trafikk med turisthytter og folk på merka stiar.

Og det er om sommaren problemet er størst.

Stiene på Hardangervidda om NINA får det som de ønsker.
Et kart som viser stiene i dag.

Det første kartet viser stiane slik det er i dag. Det andre kartet er ei mogleg fordeling av det merka stinettet i framtida.

Nils Martin Brandvik/NRK

Få folk ut av kjerneområde

Rapporten meiner reinsdyra ikkje lenger kan leve som villrein. Sjukdomar, låge slaktevekter og skrantesjuke gjer at villreinen er på full fart inn som ein raudlista dyreart.

Vegard Gundersen

Vegard Gundersen er forskar ved NINA.

Foto: Privat

Derfor må folk vike frå den delen av Hardangervidda som villreinen skal bruke.

– Det er det som er målsettinga. Rett og slett dra folk ut av kjerneområde til villreinen, seier Gundersen.

NINA rapporten foreslår ei restaurering av landskapet ved å flytte fleire av DNT sine merka stiar og hytter.

– Det er særleg nord-sør aksen frå Haukeliseter, via Hellevassbu til Litlos og vidare til Sandhaug og Hedlo som er ei barriere for villreinen. Så vi foreslår å flytte denne infrastrukturen mot vest og utanfor det kritiske området.

Men også området rundt Mogen turisthytte og Lågaros er i konflikt med villreinen.

– Stordalsbu ligg veldig uheldig til i forhold til trekket på austsida av Møsvatn, seier Gundersen.

Torehytten

DNT Oslo og Omegn si turisthytte Torehytten blir foreslått flytta lenger vest, og at det blir merka ny tursti til hytta frå Haukeliseter via Middalsbu og Tyssevassbu.

Foto: Eirik Lindebjerg / NRK

Kan lage nye turtilbod

Den Norske Turistforening har følgt arbeidet med rapporten til NINA.

Jan Erik Reiten i DNT Oslo og Omegn seier den kan føre til store endringar i tilgangen til Hardangervidda, både for dei som er på tur og lokale interesser.

– Eg trur alle er innstilt på at vi treng meir kunnskap. Og denne rapporten er viktig for å kome vidare.

Jan Erik Reiten, DNT Oslo og Omegn

Jan Erik Reiten i DNT Oslo og Omegn.

Foto: Kjell Bitustøyl / Norsk Villreinsenter

Reiten representerer fem turistforeiningar som har merka stiar og hytter på Hardangervidda.

– Det er litt tidleg å seie kva dette betyr for oss.

Reiten seier at DNT har i sin strategi at dei skal bidra til ei god og langsiktig forvalting av villreinen.

– Samstundes skal vi sikre eit godt turtilbod, sjølv om vi blir nøydde til å endre på rutenettet. Det er mange fine stader på Hardangervidda, og det går an å lage attraktive turtilbod rundt turisthyttene.

Reiten meiner det er viktig at det blir sett fokus på alle som brukar Hardangervidda.

NINA rapporten blir eit viktig grunnlag for arbeidet med ny sti og løypeplan for Hardangervidda.

Her kan du lese heile rapporten.