Hopp til innhold

Håkon (22) fekk endeleg jobb: – Viss eg klarar det, så klarar alle det

Håkon Bakkeskau var desperat etter å få seg jobb. Som ufaglært streva han lenge med å kome inn i arbeidslivet etter pandemien.

Håkon Bakkeskau

LETTA: Håkon Bakkeskau blei permittert under koronapandemien og har i fleire periodar vore arbeidsledig. På det verste var han arbeidsledig eit halvt år.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det er så deilig å stå opp om morgonen og gå på jobb, seier ein optimistisk Bakkeskau.

For om lag ein månad sidan var han ikkje like optimistisk. Etter koronapandemien hadde han stått lenge utanfor arbeidslivet, og livet som arbeidsledig var deprimerande.

Arbeidsmarknaden blir betre for kvar dag, og det går mot ein rekord i talet på ledige stillingar i Noreg.

– Me er ute av koronasituasjonen og arbeidslivet blomstrar, seier Terje Tønnesen som er direktør i Nav Vestfold og Telemark.

Det har Håkon Bakkeskau nytt godt av.

Direktør i NAV Vestfold og Telemark Terje Tønnesen

Terje Tønnesen er direktør i Nav Vestfold og Telemark. Han er imponert over 22 år gamle Håkon Bakkeskau.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Utan utdanning

No har 22-åringen byrja som vektoperatør ved Bjorstaddalen avfallsanlegg i Skien. Ein avansert jobb som krev god innsikt i bruk av data.

Bedrifta gav Bakkeskau sjansen sjølv om han ikkje har fullført vidaregåande skule.

– Me såg at han hadde gode datakunnskapar. Han prøvde seg litt her i sommar og voks skikkeleg i jobben. Me er difor glade for at me kan få han tilbake, seier Haakon Wærstad som er kommunikasjonsansvarleg ved avfallsanlegget.

Bakkeskau går i eit vikariat, men er glad for å vere tilbake i arbeidslivet. I mellomtida kan han søke på andre faste jobbar.

Ved Bjorstaddalen vil dei rå andre bedrifter til å satse på unge utan utdanning.

– Ta sjansen. Ein kan bli overraska, seier Wærstad.

Haakon Wærstad

Haakon Wærstad er kommunikasjonsansvarleg ved Bjorstaddalen Næring AS.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Positiv haldning

Sidan Bakkeskau ikkje har utdanning stiller han bakarst i arbeidsløysekøen. Når han no er tilbake i arbeidslivet håpar han å inspirere andre i liknande situasjon.

– Du må ikkje vere kresen, også gjeld det å vere blid og hyggeleg. Viss eg klarar det, så klarar alle det, seier Bakkeskau.

Unge utan utdanning er ei av gruppene som Nav framleis er særleg urolege for. Nav er imponert over haldninga til unge Bakkeskau

– Me prøver å gje ekstra hjelp til desse folka, men det er også viktig at dei tek initiativ sjølv, seier Tønnesen.

Det ser ut til å bli 500 000 registrerte ledige stillingar i Noreg før nyttår. Behovet for arbeidskraft vil variere frå bransje til bransje.

Her kjem ein oversikt frå Nav over bransjar det vil vere stort behov for folk.

NAv-logo
Usikker på kva du vil bli? Ifølgje Nav vil dei følgjande bransjane ha stort behov for folk dei kommande åra.
Diakonhjemmet under koronapandemien
Helse- og sosialtenester. Her trengst det 11 500 personar i ulike yrke. For eksempel sjukepleiarar, helsefagarbeidarar eller vernepleiarar.
Snekker. Illustrasjonsbilde
Bygg- og anleggsverksemder. Her trengst det 8500 personar. Særleg er det mangel på snikkarar, tømrarar og betongarbeidarar. 
Montering av en lader
Faglege eller forretningsmessige tenesteyrke. Her er det behov for over 6000 personar. Det er det stort spenn i yrka. Gruppa inkluderer for eksempel elektrikarar, røyrleggarar, seljarar og leiarar. 
Fagskoler
Industrien treng også folk. Her manglar det 3000 personar til yrke som sveisarar, metallarbeidarar og maskinprodusentar.

NRK har berre presentert eit lite utval av yrka med behov for arbeidskraft. Tala er henta frå bedriftsundersøkinga til Nav for 2021.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark