Hopp til innhold

Linda feirar ein inspirerande 200-åring

VINJE (NRK): Språksjov-programleiaren er imponert over Aasmund Olavsson Vinje. Han kunne både opplyse og underhalde.

Linda Eide

Linda Eide seier det er ein draum som går i oppfylling når ho får spela blokkfløyte saman med Det Norske Kammerorkester.

Foto: Anne Lognvik / NRK

«Blåmann» og ei blokkfløyte er ein del av festtala til Linda Eide laurdag kveld. Då skal ho feire 200-årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje, diktaren, forfattaren, målmannen og journalisten frå Vinje.

– Han var ein hardtslåande og observerande journalist. Samtidig laga han vakker lyrikk, seier ho. Vinje var også med på å utvikle nynorsken.

Eide tykkjer han skreiv på ein måte som heilt sikkert gav folk lyst til å lese. Kongstanken var å opplyse og underhalde på ein og same gong.

– Eg trur ikkje folk hadde slått av om han hadde hatt eit snakkeshow på TV i dag.

Umulius

– Han erta på seg folk, seier Olav Nordstoga. Han viser blant anna til Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson som ofte var i diskusjon med Vinje.

Olav Nordstoga

Aasmund Olavsson Vinje voks opp i Vinje. Olav Nordstoga kjenner att heimstaden i dikta til Vinje.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Nordstoga minner om historia der faren til Aasmund kjem med rådet: Dersom du må slå til ein kar, så slå så han blir liggjande.

Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum brukar andre ord for å skildre Vinje.

– Han var ein umulius. Vinje hadde mista fleire jobbar om han hadde levd i dag. Han kunne ikkje og ville ikkje innordna seg.

Grepstad talar varmt om mannen han kallar ein stor poet og ein fenomenal journalist. Vinje har fått tittelen den fyrste moderne journalisten ganske enkelt fordi han snakka om viktige ting med folk. Han snakka med absolutt alle. Det var noko heilt nytt for norske journalistar den gongen.

Likevel var ikkje Aasmund Olavsson Vinje eit førebilete i alt han gjorde.

– Vinje kunne vere dønn upåliteleg. Han både dikta og kommenterte. Du veit ikkje heilt når det eine sluttar og det andre byrjar, meiner Grepstad.

Ottar Grepstad

Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum seier Vinje var ein moderne journalist fordi han snakka med alle typar menneske.

Foto: Anne Lognvik / NRK