Fått bod på Rjukan sjukehus
Rjukan sjukehus kan bli selt innan kort tid, skriv Rjukan Arbeiderblad. Direktør i Sjukehuset Telemark, Tom Rønning, seier dei har fått inn eit bod som dei meiner er aktuelt. Bodet kjem frå ein privatperson. Sjukehuset har ligge ute for sal i tre år.