SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Formannskapet i Bamble vedtok i går med ni mot to stemmer å seie nei til forslag frå rådmannen om å stenge uteserveringa i kommunen klokka 23.00.
Anne Blaker er ordførar i Bamble kommune.
Ordførar Anne Blaker i Bamble kommune seier at eit vedtak om å stenge utserveringa før midnatt ville fått negative konsekvensar for Langesund som turistattraksjon.
- Turistane er ein god del av grunnlaget for restaurantane. Dei har basert ein god del av omsetninga på at folk kan sitte ute og spise og hygge seg, seier ho.
Fredar skjenketida i fire år
Restaurantane har heller ikkje plass inne til alle gjestene, og Blaker seier at restaurantane treng langsiktige rammevilkår på grunn av dei investeringane som er gjort.
Politikarane vedtok å frede dagens skjenketider i fire år. Det betyr at det blir lov å skjenke både inne og ute til halv to på kvardagar, og halv tre i helgene.
- Det er veldig positivt, seier Jon Gerhard Steen.
Han eig den kjende konsertstaden Wrightegaarden i Langesund.
- Vi er avhengige av å skjenke dei to og ein halv timen politikerne ville ta frå oss, seier han.