Hopp til innhold

Denne båten får du ikkje pengar for

Nå kan du levere den gamle fritidsbåten din på avfallsmottaket og få eitt tusen kroner i miljøbonus. Men er den over 15 fot, må du vente til 2018.

Båtvrak

KAN LEVERE BÅTVRAK: Er båtvraket over 15 for må du vente til 2018 før du kan levere det til gjenvinning framfor å la det forsøple. Dette bildet er frå elva mellom Skien og Porsgrunn.

Foto: Maria Hee Furulund / NRK

Frå 1. oktober blei det innført ein returordning som gjer at du kan levere den gamle fritidsbåten din gratis på avfallsmottaket og få ein miljøbonus på tusen kroner. Er den over 15 fot, tar det ennå ein stund før alt er klart.

– Vi har inngått to avtaler om lokalt mottak her i Grenland med Bjordstaddalen avfallsanlegg og Norsk Gjenvinning i Pasadalen, fortel leiar i Renovasjon i Grenland, Anne Berit Steinseth.

– Kor forskjellig er den frå den gamle avtalen?

– Forskjellen er at du får betalt tusen kroner, og slepp å betale for å levere båtar som er inntil 15 fot. Men du må fylle ut eit skjema, og få skjemaet stempla av eit lovleg mottak.

Anne Berit Steinseth, Renevasjon i Grenland

Leiar i Renovasjon i Grenland, Anne Berit Steinseth, håpar tusen kroner kan vere ein motivasjon for å levere båten til gjenvinning, framfor å la den ligge å forsøple i naturen.

Foto: Anne-Cathrine Syversen / NRK

Har vore etterlyst i fleire år

Ordninga har vore etterlyst i mange år. Fram til no har gamle båtar blitt liggjande fortøydd i årevis og vore til irritasjon, eller enda verre, blitt taua ut på djupet og blitt søkkte.

– Båtbransjen fortel at det finst noko slikt som 750.000 fritidsbåtar i Noreg. Veldig mange av dei er gamle, og behovet for å skrote båtar varierer mellom 7–8000 til 15.000 båtar, fortel Thomas Mørch i Norsk Gjenvinning.

Thomas Mørch, sjef farlig avfall Norsk Gjenvinning

Thomas Mørch, sjef for farleg avfall i Norsk Gjenvinning, meiner det er eit stort behov for å levere store båtar til gjenvinning.

Foto: Norsk Gjenvinning

Vil ikkje dele ut skuld

Det seier seg sjølv at regelverket for å ta i mot så mange båtar må vere omfattande. Mørch vil likevel ikkje dele ut skuld.

– Eg har lyst til å gje honnør til Klima- og miljødepartementet med Vidar Helgesen i spissen og Miljødirektoratet for at dei har klart å sjøsette ei ordning. Det er det ingen før dei som har klart.

Store båtar treng store anlegg for å bli sanert på ein miljømessig måte. Når regelverket er på plass, vil Norsk Gjenvinning søke om å bygge eit fellesanlegg for Vestfold, Telemark, Agder og Buskerud.

– Vi søker om lov til å handtere sanering av store fritidsbåtar i Larvik og ein stad på Vestlandet.

Kan vere ein motivasjon

– Kva synest du om at det er sett eit beløp på eitt tusen kroner?

– Eg ser at mange skrik om at det skulle vore høgare, ikkje minst båtbransjen sjølv. Dei har rett i at tusen kroner ikkje dekker transportkostnaden for store båtar. Men kven er det som skal faktisk betale for at båteigarar ryddar opp i eigen materiellpark?

Anne Berit Steinseth kjenner problemet med båtvrak godt etter mange år i Renovasjon i Grenland.

– Eg trur dette er kjærkome å kunne levere båtvraket gratis, og få ein tusenlapp. Det vil jo vere ein motivasjon til å levere båten framfor at den blir liggande og forsøple.

Her kan du finne næraste mottak for å levere båten din