Hopp til innhold

Forskarar treng hjelp frå kattar for å lage flåttkart over Noreg

Katten Karl Gustav og matmor Anlaug skal hjelpe forskarar med den største kartlegginga av flått i landet.

Katten Karl Gustav og matmor Anlaug H. Grave

Katten Karl Gustav og matmor Anlaug H. Grave.

Foto: Håkon Lie

– Eg syns det er veldig lettvint, for ein sit og kosar med katten uansett. Så det einaste ekstraarbeidet er å telje flåtten og halde litt oversikt, seier matmor Anlaug H. Grave.

Etter kosen fyller Anlaug ut eit skjema. Det syner kor mykje flått katten har fått på seg sidan sist. Skjemaet er enkelt, og det er lett for katteeigaren å fylle det ut.

Vil lage flåttkart over Noreg

Nå ber forskarane om hjelp frå fleire katteeigarar, nettopp fordi katten er som ein magnet på flåtten.

– Katten har lett for å få flått på seg. Dersom det er flått innanfor kattens revir, er det nesten heilt sikkert at den får flått, seier Andrew Jenkins.

Flåttforskar Andrew Jenkins og katten Sylvia.

Flåttforskar Andrew Jenkins og katten Sylvia.

Foto: Håkon Lie

Han er flåttforskar ved Universitetet i Søraust Norge, og er ein av dei som har vore med på å starte katteprosjektet. Dei valde å bruke katt fordi katten undersøker sitt avgrensa revir grundig.

Til no har dei fått 1829 svar på katteprosjektet, men for at kartlegginga skal bli best mogeleg, ynskjer dei fleire frå heile landet.

– Me ynskjer oss ikkje 6000 svar. Me ynskjer oss 60 000, eller helst 600 000. Då kan me snakke om eit høgkvalitets flåttkart over Noreg.

Flåtten flyttar seg stadig lenger nordover. Forekomsten i Noreg aukar når klimaet endrer seg og det blir varmare. Konsekvensane av dette skal Nasjonalt kompetansesenter for miljø og helse no jobbe med.

Det er viktig for forskarane å ha oppdatert kunnskap om utbreiinga for å kunne redusere effekten av flåttberande sjukdommar.

Vanleg å bruke kvite handkle

– Me vurdera lenge hund, men problemet er at folk går tur med hunden sin langt frå der dei bur. Når hunden får flått på seg er det ikkje lett å vite nøyaktig kor hunden har fått flåtten. Katten derimot held seg i nærleiken av heimen sin.

Flått

Flåtten er ein mildt sagt upopulær krabat.

Foto: Rune Aae

Jenkins forklarar at den vanlegaste metoden flåttforskarane brukar for å kartlegge er å dra kvite handkle over vegetasjonen. Dette er tidkrevjande og avgrensande i og med at det ikkje er så mange flåttforskarar.

Ein annan metode, som er mykje brukt, er rapportar frå veterinærar. Men dei håpar altså at kattane vil gjere ein meir effektiv jobb.

Om du vil vere med på prosjektet finn du svarskjema her.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark