Hopp til innhold

Fann kulturminne i Lårdal

Team Kulturarv har gjort fleire interessante arkeologiske funn i området der røyrtraséen for Lårdal kraftverk skal gå. Det er funne eit gravfelt frå vikingtida, eit busetjingsområde frå romartida og to dyrkingslag frå folkevandringstida. I gravfeltet er det funne ei øks. Prosjektleiar Aslak Ofte seier Vest-Telemark Kraftlag vil ta omsyn til kulturminna når planen for røyrtraséen blir utarbeida.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark