Hopp til innhold

Fann 17. mai-song frå 1945

Den støva ned i ein boks som skulle kastast. Det var før Ragnvald Christenson bestemde seg for å ta ein ekstra kikk oppi.

17. mai-sang

GLAD: Det var glede over å kunne feire 17. mai i 1945 då krigen var slutt. Signe Oddsdotter Edland laga ein song til elevane ved Haukeli Edland skule i Vinje.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

Etter at Ragnvald Christenson fann songteksten har han klart å reinskrive arka, til stor glede for fleire i lokalsamfunnet.

For på det gulna papiret med snirkla skrift stod det ein tekst som har varma dei langt inn i hjarterota.

Sterke ord

I åra før 1945 var det ikkje mat nok til alle. Det vesle familiane hadde av rasjonar gjekk med til å mette magane til ungane først.

Det var lite med klede og sko, men akkurat slik at ein greidde seg. Slik skildrar lærarinna Signe Oddsdotter Edland kvardagen som ho endeleg kunne leggje bak seg.

Teksten til 17. mai-songen skreiv ho til elevane sine i Haukeli og Edland. Orda er til ettertanke for oss alle, meiner Ragnvald Christenson.

– I desse korona-tider, er dette ei anna historie. Men vi har det godt no, det er songen eit bevis på, seier Christenson.

Han blir rørt når han fører fingrane nedover linjene som Edland har skrive. Han kan berre tenkje seg til kor stor gleda må ha vore den dagen elevane kunne framføre denne songen.

Edland med elevene sine

Her ser me Signe Oddsdotter Edland saman med skuleelevane sine. Ho var ei myndig dame som hadde stor respekt med seg, seier Christenson.

Foto: Privat

Endeleg fri

For første gong på fem år kunne nordmenn bruse ut fridomen sin. Edland beskriv ei evig takknemlegheit for å leve i eitt fritt land igjen.

«Takk mor og far og dei andre, som gjorde det soleis at me slapp å kom i hendene deira som øydelegg borna si sjel.»

Christenson, som er medlem i historielaget, er òg glad, mest fordi songteksten gir dagens skuleelevar eit unikt innblikk i tankegangen dei hadde i krigsåra.

Kristensson

Ragnvald Christenson i Sullamrei Historielag meiner 17. mai songen viser korleis dei tenkte etter krigsåra.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

Etter at teksten vart funnen fant han raskt ut at den mangla melodi. Det har musikklæraren Gøril ved Edland skule sørgd for å gjere noko med.

Først prøvde ho med «Mellom bakkar og berg», men det passa ikkje heilt. Då våga ho seg ut på å teste ein litt annleis og ny sjanger, nemleg country.

– Det var fantastisk fint å høyre på, men eg trur ikkje det var den tonen dei song i 1945, ler Ragnvald Christenson.