Færre parkeringsplassar utanfor sentrum

Daglegvarebutikkar utanfor sentrum av Porsgrunn kan få talet på parkeringsplassar kraftig redusert.

Parkering

Det kan bli færre parkeringsplassar for å redusere biltrafikken og minske utslepp av klimagassar.

Foto: Per Foss / NRK

For å redusere biltrafikken i byen er det foreslått ulike normer for parkering i og utanfor sentrum i den nye arealplanen.

Byutviklingssjef Jorid Heie Sætre i Porsgrunn seier dette er ein del av Bystrategi Grenland.

Jorid Sætre, Porsgrunn kommune

Byutviklingssjef Jorid Heie Sætre.

Foto: Porsgrunn kommune

– Vi ønskjer å redusere bilbruken, og få ein meir miljøvenleg transport, seier Heie Sætre.

Byutviklingssjefen seier at det heng saman med ein overordna strategi for å redusere utsleppet av klimagassar.

Les også:

Forslaget møter motstand

Rådgivarfirmaet Rambøll har på oppdrag for Rose Eiendom og Rema Eiendomsutvikling Vestre Østland komme med ei rekke innvendingar til det nye arealforslaget i Porsgrunn.

Firmaet meiner forslaga rammar matbutikkar i bustadområda omkring byane hardt og at det ikkje vil fungere.

Det blir vist til at Rema 1000 på Herøya og Vallermyrene begge vil få 18 parkeringsplassar mot dagens 82 og 60.

Glade for innspel

Saka skal behandlast av politikarane i formannsskap og bystyre før jul, og motsegner blir lytta til.

– Vi er veldig glade for å få gode og konstruktive innspel, seier Heie Sætre.

Byutviklingssjefen seier at kommunen kjem til å sjå ein gong til på dei forskjellige sonene for parkering.

– Vi vil sjå på om vi kan kome næringslivet i møte på nokon av punkta det blir vist til, seier Heie Sætre.