Hopp til innhold

Færre mista livet i trafikken i fylket

Det har vore færre dødsulykker i trafikken i Vestfold og Telemark så langt i år. Så langt har fire personar omkomne på vegane i Vestfold og Telemark. I fjor var det ti i same periode.

- Det er gledeleg å sjå ein positiv trend, men vi har framleis ein jobb å gjere, seier Vibeke Lin Jacobsen som jobbar med trafikktryggleik i Vestfold og Telemark i Statens vegvesen.

100 menneske har mista livet i trafikken i Noreg så langt i år, og av desse var det 19 i september.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark