Hopp til innhold

Korridorpasientane kan bli borte frå sjukehuset

Det er stadig færre korridorpasientar på Sjukehuset Telemark. Klinikksjef Per Urdahl gir æra til samhandlingsreforma.

Sykehuskorridor

Samhandlingsreformen har ført til at færre pasientar får seng i korridoren på medisinsk avdeling ved Sjukehuset Telemark. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Per Urdahl seier at korridorpasientane er nesten borte og han ventar at dei vil nærast forsvinne når alle kommunane får bygt ut øyeblikkeleg hjelp plassar, som kan avlaste medisinsk avdeling ved sjukehuset.

Vi synest samhandlingsreforma har fungert overraskande godt, seier Per Urdahl, klinikksjef ved Sjukehuset Telemark.

Sjukehuset Telemark har nesten ikkje hatt pasientar som har blitt liggande på sjukehuset etter at dei er ferdigbehandla, fordi kommunane ikkje har klart å ta i mot dei.

Vi opplever også at det blir skrive inn færre pasientar på medisinsk avdeling, seier Urdahl.

Betre samarbeid

Per Urdahl

Per Urdahl er klinikksjef ved Sjukehuset Telemark.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Talet på korridorpasientar har gått ned frå 5–6 prosent til 2 prosent. Kvar morgon klokka sju blir det telt opp kor mange pasientar som ligg i senger i korridorane på sjukehuset.

To prosent vil seie at det er 2–3 pasientar som ligg i korridoren når vi måler kvar dag. Tidlegare var det 5–6 pasientar, seier Urdahl.

Klinikksjefen meiner årsaka i første rekkje eit betre samarbeid med dei store kommunane i Grenland, men også dei mindre kommunane i fylket.

Når pasientane er ferdigbehandla hos oss, kjem dei til vidare behandling i kommunane, seier Urdahl.

Øyeblikkeleg hjelp plassar

Han meiner det også er viktig at kommunane har kome i gang med å opprette øyeblikkeleg hjelp avdelingar.

Skien, Siljan og Nome har nyleg oppretta ei avdeling med ni plassar på Klosterskogen i Skien. Bamble har to slike plassar, og Bø og Sauherad samarbeider om to plassar.

Klinikksjef Per Urdahl trur det kan bli enno færre korridorpasientar ved Sjukehuset Telemark når Porsgrunn, Kragerø og Drangedal får øyeblikkeleg hjelp plassar.

Då kan ein del pasientar kome dit i staden for å bli lagt inn på sjukehuset, og det kan føre til at vi kan kome ned mot null når det gjeld korridorpasientar, seier Urdahl.

Usikkert for sjukehuset

Kåre Preben Hegland

Kåre Preben Hegland er ordførar for Høgre i Kragerø kommune.

Foto: Hilde Martine Lindgren

Ordførar i Kragerø, Kåre Preben Hegland, seier at kommunen har vore flinke til å ta i mot utskrivingsklare pasientar frå Sjukehuset Telemark.

Dersom ikkje kommunen klarar å ta i mot pasientane med ein gong må kommunen betale ein eigendel til sjukehuset på 4000 kroner i døgnet.

– Førebels trur eg det berre har skjedd ein gong, seier Hegland.

Kragerø kommune har enno ikkje oppretta øyeblikkelig hjelp plassar. Kommunen ventar på ei avklaring på kva som skjer med sjukehuset i Kragerø, og det skjer tidlegast i 2014.

Vi ønskjer å legge øyeblikkeleg hjelp plassane til sjukehuset, men då må det vere døgnbemanning der, seier Hegland.

Har to alternativ

Kragerø har også vore i kontakt med nabokommunane Risør, Gjerstad, Drangedal og Bamble med tanke på eit samarbeid.

Eit anna alternativ for Kragerø er å legge øyeblikkeleg hjelp avdelinga til sjukeheimen der det er døgnbemanning.

Men førebels ventar ordføraren på kva sjukehuset i Kragerø skal brukast til i framtida. Kragerø kommune får ekstra tilskot på seks millionar kroner i året på grunn av sjukehuset fram til 2016, men då fell tilskotet bort.

Les også: Ordfører krever at sykehusdirektør går av

Vi ventar spent på kva ei ny regjering vil gjere, seier Høgreordføraren i Kragerø.

Var tidleg ute

Olav Kasland.

Olav Kasland er ordførar for Venstre i Bø kommune.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Bø kommune har vore tidleg ute med å opprette øyeblikkeleg hjelp plassar saman med Sauherad. Og ordførar Olav Kasland i Bø meiner samhandlingsreformen fungerer bra.

– Riset bak spegelen er ein eigendel på 4000 kroner i døgnet, dersom kommunen ikkje klarar å ta i mot utskrivingsklare pasientar, seier Kasland.

Han meiner utfordringa er at kommunen ikkje har kontroll over utgiftene for pasientar som legane skriv inn til medisinsk behandling på Sjukehuset Telemark.

Her må kommunen betale tjue prosent av kostnadene, og i fjor blei det eit overforbruk i forhold til budsjettet med 1,5 millionar kroner i kommunekassa.

Staten underfinansierer denne delen av samhandlingsreforma. Og desse ekstrakostnadene med omlegginga får ikkje kommunane finansiert.

Sjukehuset mister inntekter

Klinikksjef Per Urdahl seier at samhandlingsreforma også påverkar økonomien til Sjukehuset Telemark.

Men den er ikkje positiv, seier han.

For sjukehuset betyr færre pasientar mindre inntekter, og det blir også ei utfordring.

Difor må vi sjå på om vi må redusere talet på sjukehussenger når vi ikkje får så mange pasientar, men der vil vi alltid ligge litt på etterskot, seier Urdahl.

Han seier at det først vil bli ein konsekvens når sjukehuset ser at det blir ståande ledige senger som ein følgje av samhandlingsreforma.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark