Meir ekstremvær i fjellet fører til dårlegare forhold for auren og gjer oppvekstvilkåra vanskelege for yngelen.
Forskar Tore Qvenild spår magre år for aurefiskarane på Hardangervidda i åra som kjem.
– Det er klart at det tøffe klimaet i høgfjellet slår i første rekkje veldig hardt ut på kor mange aureyngel som overlever, seier Qvenild.
Forskaren har i samarbeid med Sigurd Rognerud i Norsk institutt for vassforsking forska på forholda for auren i Kvenna midt på Hardangervidda i over 11 år.
– Vi ser nå at det går an å få veldig stor og fin fisk, men det blir stadig færre av dei, seier Qvneild.
(Artikkelen held fram under biletet)
Svake årsklasser av aure
Og det er få sterke årsklasser av aure som veks opp etter storauren som er der i dag.
– Vi ser eigentleg ingen, så langt, seier Qvenild.
Han fortel at 13-15 grader er dei beste levevilkåra for aure i ferskvatn.
Kulda har komme tidlegare om hausten dei siste åra og den varer lenger. I tillegg har det vore snøfattige vintrar med sterk kulde noko som fører til at bestanden av aure går ned.
– Viss vi får nokon gode somrar nå, så kan mykje bli retta opp. Men då vil det ta tid før ei ny sterk årsklasse kan bli fiska på, seier Qvenild.
Forskaren trur situasjonen er lik i fjellet over heile Sør-Noreg.
Ikkje einig
Professor Reidar Borgstrøm ved Universitetet for miljø- og biovitskap meiner det er og vil alltid vere variasjonar i aurebestanden.
Han visar til registreringar frå 1987 og fram til i dag.
– Dette feilaktige biletet kan føra til at mange ikkje vil dra inn for å fiska og utnytta dei fantastiske fiskemogelegheitene som Hardangervidda byr på, i år og i åra framover,
Borgstrøm seier det er normalt med store årlege vekslingar i snømengd og sumartemperaturar på Vidda, utan at dette har skapt dei store ulempene for fisket.