Hopp til innhold

Jakta på kritisk metall har gjeve resultat: – Førekomsten er drivverdig

Eit privat gruveselskap har i fleire månader prøvebora etter sjeldne jordartsmetall i Telemark. Dei leitar etter metall som heile den vestlege verda er på desperat jakt etter.

Gruveselskapet Rare Earths Norway er eitt av gruveselskapa som har prøvebora på Fensfeltet for å finne ut om området er drivverdig.

– Me har absolutt tru på at førekomsten er drivverdig, seier fungerande dagleg leiar i gruveselskapet, Alf Reistad.

I lang tid har Fensfeltet vore kjend for å kunne romme Europas største førekomst av sjeldne jordartsmetall. Metall som trengst for å produsere alt frå vindturbinar til elbilar.

Desse jordartsmetalla blir også omtala som Rare Earth Elements – REE.

Heile den vestlege verda, med EU i spissen, er på desperat jakt etter desse metalla. Kina er den leiande i denne marknaden no.

Kamp om å vere størst

For om lag ein månad sidan gjekk eit statleg gruveselskap i Sverige ut med brask og bram og varsla at dei hadde funne Europas største førekomst av desse metalla. Det fekk geologar i Noreg til å stusse.

– Dei tek definitivt hardt i. Fensfeltet i Nome kommune i Telemark er utvilsamt ein langt større REE-førekomst, sa regiongeolog Sven Dahlgren den gongen.

Dahlgren anslår at førekomsten på Fensfeltet er 30–50 gonger større enn i Sverige.

– Prøveboringane våre underbygger påstanden til regiongeologen. Det er ingen tvil om at det er store moglegheiter på Fensfeltet, seier Reistad.

Likevel understrekar Reistad at det er langt fram til ei gruvedrift kan starte, og det er mange omsyn å ta. Dei må også prøvebore ei stund til.

Alf Reistad

Fungerande dagleg leiar i Rare Earths Norway, Alf Reistad.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Rask utvikling

Ordførar i Nome, Bjørg Tveito Lundefaret, meiner det nærmar seg utbygging av gruvene på Fensfeltet. Ho seier det er eit tydeleg temposkifte i interessa rundt Fensfeltet.

– Det siste året har det skjedd mykje. Me har alltid snakka om at det er så langt fram i tid, men no vil nok dei fleste av oss som bur her oppleve det, seier Lundefaret.

For ordføraren er det viktig at ei eventuell gruvedrift skjer i samråd med innbyggarane. Ho er også oppteken av miljøkonsekvensane.

– Me må gå varsamt fram med tanke på arealbruk. Me som kommune har eit stort ansvar, og prøvar å ta ei styringsrolle, seier Lundefaret.

Ordfører i Nome, Bjørg Tveito Lundefaret (Ap), foran Ulefos Jernværk.

Ordførar i Nome (Ap), Bjørg Tveito Lundefaret.

Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

Lukka brot

Alf Reistad i Rare Earths Norway seier dei har tett dialog med kommunen, miljøorganisasjonar og innbyggarar. Planen er også at ei eventuell gruve skal vere lukka.

Gruvedrifta skal gå føre seg under bakkenivå, og massane skal køyrast ut gjennom ein lang tunnel. I samarbeid med eit austerriksk universitet utviklar dei ei ny form for gruvedrift.

– Slik kan me utnytte mest mogleg av førekomsten på Fensfeltet så berekraftig som mogleg, seier Reistad.

Borekjerne frå Fensfeltet

Det er borekjernar som dette som blir teke opp frå Fensfeltet.

Foto: Martin Torstveit / NRK