Hopp til innhold

Er dette sjøormen i Seljordsvatnet?

Sambuarparet var ute i båten ein blikstille føremiddag då dei oppdaga noko som laga mystiske bølger i Seljordsvatnet.

Kva er dette? Eit sambuarpar filma nokre mystiske bølger på eit blikstille Seljordsvatn.

Det var om føremiddagen i 10-tida sambuarparet køyrde i båt på Seljordsvatnet utanfor Heggeneset i Seljord.

– Det var heilt stille på vatnet då vi oppdaga rare bølger i vatnet, seier kvinna til NRK.

Filma bølgene

Ho tok fram mobiltelefonen og fekk tatt ein video av det som skjedde ikkje langt frå båten.

– Eg veit ikkje kva det var.

Heggeneset ved Seljordsvatnet

Det var utanfor Heggeneset i Seljordsvatnet sambuarparet observerte noko mystisk i vatnet som laga bølger.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Kvinna har ikkje lyst til å stå fram. Sjølv har ho ikkje noko forklaring på kva det kan vera. Ho trur helst at det berre var bølger som møttest.

– Vi køyrde forbi med båten, men såg ingenting som kunne forklare kva det var.

Nokon meiner bølgene i vatnet kan ha oppstått på grunn av gass i vatnet eller ein tømmerstokk.

Sikker på at det er sjøormen

Hilde Hagen-Nielsen, som er leiar i Seljord Næringslag og dagleg leiar i Møtestad Seljord, blei veldig glad då ho fekk videoen frå Seljordsvatnet.

– Det er jo den beste videoen vi har hatt nokon gong, for det har ikkje blitt filma frå båt tidlegare og så nære som det blei gjort no. Så vi blei veldig glade når kvinna som filma ville dele den med oss.

Hagen-Nielsen fortel at ho sjølv har sett sjøormen i Seljordsvatnet i 2000 i klart fint ver. Men det var på lenger avstand.

– Så eg er heilt overtydd om at det er ein sjøorm vi ser i denne videoen. Det er eg heilt sikker på.

Hilde Hagen-Nielsen, leiar i Seljord Næringslag

Hilde Hagen-Nielsen har sjølv sett sjøormen, og er sikker på at det er sjøormen som er filma på videoen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Hagen-Nielsen ønskjer at fleire skal melde ifrå til kommunen.

– Det er mange som ikkje tørr å melde ifrå om at dei har sett noko, fordi dei kan bli stempla som litt tullete. Men det er veldig viktig at dei som ser tar kontakt med Seljord kommune eller Visit Seljord, slik at vi kan få arkivert observasjonane.

Vil bevise at sjøormen finst

Det er mange som har sett mystiske bølge og anna i Seljordsvatnet som dei trur kan vere sjøormen som det går segn om.

Halfdan Haugan

Ordførar Halfdan Haugan vil dokumentere at sjøormen finst.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Ordførar Halfdan Haugen sa i fjor at han ville dokumentere at sjøormen i Seljordsvatnet finst.

– Det er altfor mange observasjonar av sjøormen i Seljordsvatnet til at vi kan forkaste ideen om at det er et eller anna der. Derfor vil eg sjå på moglegheitene som finst for å fange sjøormen på film.

Initiativet kom etter at fleire ekspedisjonar opp gjennom historia har forsøkt å bevise at sjøormen eksisterer.

Sjøormtårnet i Seljord

Seljord kommune har laga eit tårn der publikum kan sjå etter sjøormen i Seljordsvatnet.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen