Hopp til innhold

Epla blir dyrare, mens sjokoladeprisen synker: – Bransjen må skjerpe seg

Mens matvareprisane i Noreg har økt med 11 prosent de siste seks årene, har sjokoladeprisen falt med over 17 prosent, ifølgje SSB. Det bekymrar fedmeprofessor.

Sjokolade

FORSKJELL: Grønsaker har ein prisauke på 10,6 prosent, Prisen på sjokolade derimot har stått stille.

Foto: Bent Lindsetmo

– Eg tenkjer at det er uheldig, seier Cathrine Iversen.

Ho står og vel ut nokon grøne eple i den lokale matbutikken sin.

Cathrine Iversen står i fruktavdelingen og plukker grønt eple.

UHELDIG: Cathrine Iversen meiner prisane burde vore mogleg å regulere annleis, slik at ikkje sunne matvarer blir dyrare enn dei usunne.

Foto: Bettina Olie Bjerkholdt / NRK

– Då vel ein jo dei billigaste løysingane, og det er ofte ikkje då dei sunne matvarene.

Synest du usunn mat er for billig sammenlikna med sunn mat?

Sei meininga di nede i saka.

Dei som har dårlegast råd, har ofte også dårlegast helse.

Det seier Jøran Hjelmesæth, leiar for nasjonalt råd for ernæring og professor på Universitetet i Oslo.

Professor Jøran Hjelmesæth leder Senter for sykelig på Sykehuset i Vestfold.

Jøran Hjelmesæth, leiar for nasjonalt råd for ernæring, seksjonsoverlege ved Hormoner, overvekt og ernæringsavdelinga på Sjukehuset i Vestfold og professor på Universitetet i Oslo.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Han reagerer på at prisane stig på dei sunne matvarene, som grove kornprodukt, frukt og grønt.

Hjelmesæth fryktar for folkehelsa og auke i førekomsten diabetes, hjarte- og karsjukdommar og kreft.

Dei to sistnemnde vil vere dei to største årsakene til dødsfall i 2050, viser Folkehelseinstituttets rapport frå i fjor.

Ber bransjen skjerpe seg

Prisane på frukt har auka med 9,3 prosent frå desember 2021 til same månad i 2022, ifølgje SSB.

Grønsaker har ein prisauke på 10,6 prosent, og brød og andre kornprodukt har gått opp 14,8 prosent.

Prisen på sjokolade derimot har gått nedover i fleire år. Da sukkeravgifta blei fjerna i 2021, var fallet spesielt kraftig.

– Det er heilt umusikalsk å auke prisane på nettopp desse matvarene. Det kan føre til reduksjon av inntaket, meiner Hjelmesæth.

I andre enden av sunnheitsskalaen har ikkje prisane auka like mykje:

Prisen på sjokolade har stått stille. Sukkervarer generelt har auka med rundt 5 prosent. Prisen på ferdigrettar har auka med 6 prosent det siste året.

Professoren rettar kritikk mot matvarebransjen, og meiner dei auka prisane på sunn mat er eit brot på intensjonsavtalen helsestyresmaktene har med matbransjen.

Der er målet å auke forbruket til befolkninga av grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og sjømat med 20 prosent innan 2025.

– Matvarebransjen må skjerpe seg, seier fedmeprofessoren.

Men prisauke er ikkje eit brot på intensjonsavtalen på grunn av dei strenge reglane i konkurranselova, ifølgje Helsedirektoratet.

Seier dei jobbar kontinuerleg med saka

Kvifor set ikkje butikkane ned prisen på sunnare varer og skrur opp på dei usunne varene?

Dette har NRK spurt Coop, Rema 1000 og Norgesgruppen om. Dei svarer at dei jobbar med saka.

Kommunikasjonssjef i Coop, Harald Kristiansen, seier dei heile tida jobbar målretta for å auke salet og forbruket av dei sunne matvarene.

– Leverandøren vår på frukt og grønt set i verk mange ulike tiltak for å få ned kostnadene, fortel kommunikasjonsrådgivar i Rema 1000 Celine Sjøberg.

Mellom anna endringar av emballasje og effektivisering av transport.

Skulle gjerne vore forutan prisauken

Norgesgruppen seier dei gjerne skulle vore forutan kostnadsauken, og er klar over at prisen er viktig for kva varer kundane vel.

Dei er med på intensjonsavtalen om tilrettelegging for eit sunnare kosthald og har meir enn 2000 butikkar landet rundt. Mellom anna kjedene Kiwi, Meny, Joker og Spar.

Kommunikasjonssjef i Norgesgruppen Kine Søyland viser til kostnadsauke i alle delar av verdikjeda for mat som forklaring på at også dei sunne varene må opp i pris.

Kine Søyland, kommunikasjonssjef i NorgesGruppen

ØNSKJER IKKJE PRISAUKE: Alle varer går opp i pris, ikkje berre dei usunne matvarene, forklarer kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, Kine Søyland.

Foto: NorgesGruppen

– Det er jo ikkje slik at sunne varer som frukt og grønt og grove kornprodukt er skåna frå kostnadsauken.

Ho seier dei er opptekne av å gi kundane sunne og gode val i butikkane.

– Mellom anna har alle butikkane frukt og grønt ved inngangen til butikkane som vi ser har auka forbruket og salet i veldig stor grad.

Avgifter er ein måte styresmaktene kan påverke prisen i butikkane, seier statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt i Helse- og omsorgsdepartementet.

– Dette er noko vi kan vurdere, skriv Bjørkholt i ein e-post til NRK.