Elevar fryktar karantene før jol – har starta underskriftskampanje

Høge smittetal ved fleire vidaregåande skular gjer elevane bekymra før jol. No håpar dei ein underskriftskampanje kan hjelpe dei.

Dea Elizabeth Kåss, elevrådsleiar Porsgrunn vidaregåande skule

VIL FEIRE MED DEI DEI ER GLADE I: Elevrådsleiar Dea Elizabeth Kåss seier at det kan vere vanskeleg for mange å konsentrere seg på skulen, når dei fryktar at dei ikkje får feire jol med dei ein er glad i.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Underskriftskampanjen for å få heimeundervisning neste veke har fått over 1200 underskrifter på et døgn.

Dea Elizabeth Kåss, elevrådsleiar ved Porsgrunn vidaregåande skule, starta oppropet etter fleire bekymringsmeldingar frå elevar. Dei fryktar at gjennomføring av fysisk undervisning kan gjere at dei potensielt kan komme i karantene på jolaftan.

– Viss berre éin elev blir smitta på skulen no neste veke, så må over 100 elevar i karantene.

Meiner smittefrykt svekker læringsutbytte

Kåss meiner at elevane lærer best på skulen, men at læringsutbytte no vil vere svekka grunna smittefrykt.

– Det vil få tydeleg påverknad på læringsutbytte på elevane viss dei må sitte med desse bekymringane på skulen.

Ho fortel at det er stor semje blant fleire vidaregåande skular i Vestfold og Telemark. Og ho meiner det er viktig at fylket opnar opp, slik at kvar skule sjølv kan ta avgjersla på om det er smittevennleg å gjennomføre undervisning neste veke.

Alina Wetherhill er ein av elevane som har skrevet under på kampanjen.

– Me har blitt sett i karantene fleire gonger allereie. Me har timar med folk frå alle klasser. Det gjer at me kan bli sett i karantene når som helst, seier ho.

Skjønnar bekymringane

Rektor ved Porsgrunn vidaregåande skule, Kai Magne Bråthen, seier han forstår bekymringane som elevar og tilsette har no før jol, med reel frykt for å vere i karantene. Samstundes seier han at det er veldig tosidig.

– Eg ynskjer å møte bekymringane, men samstundes handlar me på oppdrag frå sentrale myndigheiter.

Rektoren fortel at hadde det vore opp til han, så ville han gjennomført siste veka med digital heimeundervisning.

Forstår bekymringa

Helge Galdal, direktør for opplæring og folkehelse i fylkeskommunen, seier at dei skal ta ei endeleg avgjerd før helgen.

– Eg har stor forståing for både rektors og elevanes bekymring. Det er ei vanskeleg avgjerd å ta, som kviler på mange forskjellige vurderingar.

Helge Galdal, fylkesopplæringssjef

FORSTÅR BEKYMRINGA: Helge Galdal, direktør for opplæring og folkehelse i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Leiar i Elevorganisasjonen, Kristin Schultz, har ikkje høyrt om kampanjen, men vil på generell basis ikkje anbefale meir heimeundervisning.

– Me har merket at undervisninga har vore dårleg. Før ein går inn i meir heimeundervisning, så må me få på plass retningslinjer, seier Schultz.

Samstundes har dei forståing for elevanes bekymring.

– Me håpar ein kan leggje til rette for ei ordning der elevane ikkje får for mange negative konsekvensar.

Burde det være hjemmeskole for alle videregående elever frem til jul?

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 28.02.2021
1 712
Smittede/uke
95
Innlagte
622
Døde
318 722
Vaksinerte