Då Varden tidlegare i år lanserte eit nytt nett-tilbod "direkte.varden.no", så sikra dei seg samtidig rettane til nettadressa "tadirekte.no".
Samtidig blei det sørga for at nettbrukere som tasta inn "tadirekte.no" kom rett inn på Vardens nettsider.
Visste det ikkje
TA-redaktør, Ove Mellingen visste ikkje at Varden hadde kjøpt dette domenenamnet før NRKs reporter bad han gå inn på denne nettsida for første gang.
– Det var nokon luringar. Det visste eg ikkje, seier Mellingen.
Dei to Telemarksavisene har i ein årrekke vore sterke konkurrentar på papir, men i dei siste åra tilspissar også konkurransen seg på nettet.
– Vi bør kanskje klage det inn til ei eller anna nemnd. Men vi får håpe Varden kjem til sans og samling, seier Mellingen.
Kan ha brote spelereglane
Direktør for internett og nye medium i interesseorganisasjonen IKT-Noreg, Torgeir Waterhouse, meiner Varden og eigarane deira Agderposten har gjort alt anna enn å følge spelereglane.
Han meiner TA har ein god sak om dei vel å klage inn Varden til domeneklagenemda.
– Det er eit opplagt og bevisst spel for å stå fram som noko anna enn det dei er. Og det er sannsynlegvis i strid med regelverket for registrering av dominer, seier Waterhouse.
Vil ta debatten
I Varden vil ikkje administrerande direktør Øyvind Klausen vere med at det er drygt av dei å sikre seg domenenamnet tadirekte.no.
Det var da dei sjølv skulle i gang med eit nytt nett-tilbod, varden direkte, at ideen dukka opp om å blokkere nettadressa tadirekte.no for andre brukarar.
– Vi tar gjerne ein debatt på dette. Men meiner vi ikkje har gått over streken, seier Klausen.
Tøff konkurranse
Målet deira var ganske enkelt å sikre seg i ein tøff konkurransesituasjon og sikre seg at dei fekk blokkert dette namnet.
– Vi vil beskytte våre interesser, og meiner det ikkje er å gå over streken, seier Klausen.
Men direktøren har endra dirigeringa av trafikken på nettet, slik at dei som tastar inn "tadirekte" ikkje lenger blir sendt vidare til "direkte.varden.no".
– Det gjorde eg fordi det ikkje var hensikta. Men vil TA kjøpe tilbake namnet så kan dei kome med eit bod, seier Klausen.