SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Vogntoget var lasta med 18 tonn aluminiumslagg, men det er ikkje fare for at lasta skal lekke ut.
Reporter Johs Apold.
Lensmannsførstebetjent Trond Egil Groth seier at ulykka skjedde på ein rett strekning, fordi kjøretøyet kom for langt ut på vegkanten.
Johs Apold var på staden
- Ingen personar kom til skade då vogntoget velta, Groth.
Reporter Johs Apold var på staden og fortalde at trekkvogna står i vegen, medan tilhengar ligg på innsida av vegen på motsett side av vassdraget.
- Dermed har sjåføren hatt flaks. For på denne måten har ikkje noe av den 18 tonn tunge lasta med alluminiumsslagg har leke ut i elva, sa han.
Lasta har ikkje leke ut i elva
I følgje lensmannsførstebetjent Trond Egil Groth i Hjartdal er det heller ikkje noko som tyder på at noe av lasta har leke ut der traileren står.
- Men for publikum som tyder dette at vegen er stengt for vanleg trafikk - og at det er skiltra omkøyring om Hjartdal kyrkje, rapporterte Apold til NRK Telemark klokka tolv.
Han fortel vidare at Notodden Brannvesen og Falken arbeider med å tøme tilhengaren - og det tyder at vegen blir heilt stengt i ein periode litt seinare i dag.
Kom for langt ut
- Eg har snakka med den finske sjåføren, sa Apold.
Han fortel at uhellet skjedde etter at han kom for langt ut på veikanten. Og at vogntoget er lasta med aluminiumslagg, og ikkje magnesium, slik politiet først trudde.
- Det er likevel slik at dette kunne vore dramatisk - dersom lasta kom ut og ureina vassdraget, sa Apold.
Lasta var på veg frå Mosjøen til Hydro sine anlegg på Karmøy.
Det som er klart er at det no må gjennomførast ei omlasting, før vegen gjennom Ambjørndalen i Hjartdal - nær kommunegrensa mot Seljord - kan opnast for vanleg trafikk igjen.