Hopp til innhold

Unge står i kø for ein plass på tinget: – Vi er nok meir utolmodige

Han kler seg gjerne mørkeblått, men i politikken ser han raudt. Tobias Drevland Lund (R) er ein av mange unge politikarar som knivar om ein plass på Stortinget til hausten.

Tobias Drevland Lund

SPENT: Tobias Drevland Lund er spent når NRK viser han den siste supermålinga.

Foto: Roald Marker / NRK

Det kan bli ungt klientell i korridorane på Stortinget til hausten. Partia har sett 21 unge på topplass før valet.

Oppturar og nedturar

Tobias Drevland Lund, Raudts førstekandidat i Telemark, sit spent i sofaen heime i leilegheita i Kragerø sentrum.

Supermålinga for juni har akkurat komme.

I målinga spør Norstat 600 veljarar i kvart av dei 19 valdistrikta. Det gir heile 11.400 spurde totalt, og eit solid grunnlag for å seie korleis det ligg an i kvart distrikt.

Spennande lesestoff for ein som har lyst på ny jobb i Karl Johans gate til hausten.

Førebels skal det halde hardt, viser det seg.

For sjølv om partiet hans opplever ein framgang nasjonalt, blir det ein nedtur for 25-åringen når han får presentert dei lokale tala.

Ein tilbakegang frå 4,5 prosentpoeng i april, til 3,3 prosentpoeng i juni, er ikkje lystig lesing.

«Ungdomspolitikaren» tek det med fatning.

– Sånn er det i politikken. Målingar går opp og ned. Det er kjipt, men ein må berre jobbe på, smiler han.

For han er det uansett eit utjamningsmandat eller ikkje i hans favør som blir avgjerande for kva han skal drive med til hausten.

Mandatfordeling juni 2021 for Telemark

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
AP: 2 mandater, endring 0
SP: 1 mandat, endring 0
H: 1 mandat, endring 0
FRP: 1 mandat, endring 0
R: 0 mandater, endring 0
SV: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
KRF: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring 0
Utført av Norstat 3.–6. juni600 svar

I tillegg til direktemandatene blir det valgt inn et utjevningsmandat fra Telemark. Dersom denne målingen var valgresultatet ville utjevningsmandatet i Telemark gått til Sosialistisk venstreparti

Les mer om NRKs meningsmålinger

– Kan merkast i politikken

Han er neppe åleine om å lese målingar til alle tider på døgnet.

NRK har tidlegare i år kartlagt alle nominasjonar som er gjennomført i di politiske partia som er representert på Stortinget i dag.

21 av fylkespartiene har altså valt å satse på ein førstekandidat som ikkje har fylt 30 år på valdagen 13. september. Det er tre fleire enn i 2017.

Gjennomsnittsalderen til representantane på Stortinget var 46,1 år ved byrjinga av førre stortingsperiode i 2017. Det er det nest lågaste sidan 1900. Det viser tal frå Stortingets eigen statistikk.

Men påverkar alderen til politikarane politikken?

Johannes Bergh, valforskar ved Institutt for samfunnsforsking ved UIO, ser ikkje bort frå at det kan ha ei betydning.

Johannes Bergh

Johannes Bergh, valforskar ved Institutt for samfunnsforsking, UIO.

Foto: UiO, Institutt for samfunnsforskning

Rett nok med atterhald om at det som betyr mest alltid vil vere kva parti som blir valde inn.

– Det betyr jo noko kven som sit på Stortinget.

– Ein veit jo at kjønn betyr noko. Slik tenkjer eg òg at det er med ulike generasjonar og alder. At unge politikarar har andre erfaringar og perspektiv enn dei eldre og vaksne politikarane, seier Bergh.

– Sunt med litt ungt blod

Raudt-politikaren frå Kragerø meiner det er sunt med meir ungt blod på Stortinget.

– Vi er nok meir utolmodige, som til dømes med tanke på klima. Vi ønskjer å løyse det litt raskare enn dei som har vore der veldig lenge, meiner han.

Tobias Drevland Lund

Tobias Drevland Lund har ikkje gitt opp håpet om ein plass på Stortinget til hausten.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Bergh er samd.

– Dei siste åra er det nok særleg miljø og klima som mobiliserer dei unge. Det såg vi mange døme på i kommunevalet for to år sidan. Bompengar var mellom anna ei viktig sak.

Forskaren har sett ein jamn auke i det politiske engasjementet blant unge dei seinare åra, ikkje minst etter terrorangrepa 22. juli 2011.

– Unge folk er interessert i politikk. Meir enn dei som var unge for ti og tjue år sidan. Det er ein auke både i deltaking og politisk interesse blant dei unge, erfarer Bergh.

Lund har framleis tru på at det går vegen til hausten.

– Eg trur det er oppnåeleg. Folk må berre stemme.