Dømt for svindel på nett

Ein 27 år gamal mann frå Notodden er dømt til ti månader i fengsel, etter at han svindla 24 personar og bedrifter for over éin million kroner i 2017. Ved hjelp av annonser på Finn.no lurte han dei fornærma til å betale han på forskot, utan at dei fekk varene dei trudde han skulle sende dei. Mannen, som har tilstått alle forhold, må også betale tilbake pengane.