På Rjukan er det nesten folketomme gater om dagen.
Slik har det vore lenge, akkurat som i resten av verda.
Knipsar kvardagen frå utsida
Ei av dei som har merka dette godt er Elisabeth Ann Haig Jacobsen.
Ho har 21 år bak seg som fotograf og driv fotobutikk og atelier på Rjukan i Tinn kommune.
Den siste tida har ho banka på mange vindauge og spurt om lov til å fange dagleglivet innanfor dei fire veggane i huset med kameraet sitt.
Mange har takka ja, og resultatet har blitt ei rekke unike bilde av barn, ungdom, vaksne og kjæledyra deira.
Babyar som vræler. Flekkfrie russedressar. Hunder som stirer lengtande ut gjennom vindauget og familiar samla med kvar sin PC rundt middagsbordet.
Det er nærast som ei uendeleg fotoutstilling. Kvart vindauge har blitt ramme for eit nytt motiv.
– Det handlar om å få vist korleis folk eigentleg har det, seier fotografen.
Blir tatt vare på
Da Ingelinn Kårvand ved Norsk Industriarbeidermuseum fekk høyre om fotografens bilete, blei ho svært interessert.
Dei er nemleg godt i gang med prosjektet Livet under covid-19 – Dokumentasjon av lokalsamfunn i krise, og har i samband med det bede lokalbefolkninga om hjelp til å dokumentere det som skjer i nærmiljøet.
Dei har blitt oppmoda til å skrive ned det dei opplever, og bidraga er allereie mange.
Ein gløymer som kjent fort, og derfor har «kikkarprosjektet» på Rjukan blitt viktig dokumentasjon for ettertida.
Folk skriv om frykt og lengselen etter å kunne vende tilbake til ein normal kvardag.
– Det er jo alle desse sidene vi ynskjer å ha med oss når dette er over, seier Ingelinn Kårvand, fotoarkivar i NIA.
Ho har så langt fått inn nærare 100 bilde, meir enn 20 forteljingar og 18 dikt om koronalivet på Rjukan.
Haig Jacobsen var ikkje vond å be, og har også bidratt med fleire motiv.
Dokumentasjonen skal katalogiserast og takast godt vare på for framtida.
– Det er fleire museum som driv med dette. Materialet, både tekst og bilde kan bli viktig for forsking i åra som kjem, meiner Kårvand.
Viktig bidrag
Familien til Jørn Langeland er blant dei som har latt seg fotografere.
– Korona har jo nærast blitt eit sosialt prosjekt, så eg har veldig sansen for at dette blir dokumentert. Barnebarna kjem vel nesten ikkje til å tru det når vi snakkar om det i ettertid, seier familiefaren til NRK.
Til liks med svært mange andre har han gått heime i ukevis saman med kona Åshild Langeland, Fride (13) og Isak (18).
Sistnemnde viser fram russedressen gjennom vindauget i kjellarstova med eit skeivt smil.
Dressen skulle eigentleg ha stinka av gammal fest, men er brukt minimalt.
Eit perfekt motiv for fotografen på utsida.
– Det er mykje ein ikkje ser når ein går rundt i gatene. Det er fint å få kikke inn, seier Haig Jacobsen.