– Det vil nok vere temperaturar på 20-talet, og kanskje litt i overkant av dét enkelte stader. Men det kan hende at vi ikkje ser temperaturar opp mot 30 grader, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.
Etterlengta nedbør
Statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.
Foto: PrivatEtter ein knusktørr sommar trengst det no sårt ein god porsjon med nedbør, og det spørst om dei regnskurene vi får kommande helg vil halde. Men lokalt kan det kome ganske kraftige regnskurer, også med torever.
For denne veka er det venta nedbør inn mot Vestlandet sør for Stad.
– Og det er jo litt etterlengta nedbør. Nedbøren vil etter kvart flytte seg nordover i landet og gje nedbør i indre strok av Nordland og seinare i Finnmark også.
Mot normalt
Austafjells vil det halde seg tørt til og med fredag, men mot helga blir det eit lite skifte i vêret.
– Då ser det ut som det vil legge seg eit høgtrykk over Nord-Noreg, som får ei fin langhelg med tørt og varmt ver frå og med fredag. Men i sør blir det meir byeaktivitet gjennom helga med litt kraftige regnskurer både i aust og i vest.
For den første veka i august viser prognosane for vêret at det blir litt meir nedbør enn normalt Austafjells, mens det blir litt mindre nedbør enn normalt på Vestlandet og i Midt-Noreg. I Nord-Noreg blir det litt meir nedbør enn normalt.
– Når det gjeld temperaturane, så ser det ut til at heile landet vil ligge litt over normalen, seier Moxnes.
Meir nedbør i nord
Vidare utover i august vil temperaturane halde seg litt over normalen, særleg i Sør-Noreg.
– Kanskje aller mest Austafjells. Mens det er ganske svake signal i nord, så der vil nok temperaturen ligge om lag rundt normalen.
Når det gjeld nedbør for den andre veka i august, så ser det ut til å bli litt meir nedbør enn normalt i nord.
– Og så er vi tilbake til litt mindre nedbør enn normalt i sør, særleg på Vestlandet, der det vil kome litt mindre nedbør enn normalt.
Temperatur over normalen
Langtidsprognosane for den tredje veka i august er meir usikre, men det ser ut til at temperaturane vil ligge litt over normalen, særleg i Sør-Noreg.
– Når det gjeld nedbør, ser det ut til å bli litt meir enn normalen på Vestlandet. Og framleis ganske tørt på Austlandet og i Midt-Noreg. I Nord-Noreg er det ganske svake signal i prognosane, men det blir kanskje litt meir nedbør enn normalt lengst i nord.
Moxnes fortel at langtidsprognosane for nedbør og temperatur blir ganske usikre i tredje veka i august.