Desse kommunane har unngått koronaviruset

Fredag ettermiddag var det 76 kommunar som så langt har unngått koronasmitte. Ikkje tilfeldig, meiner Fyresdal-ordførar.

Risør

RISØR: Trass i ein enorm turistsommar i sørlandskommunen, er dei enno koronafri.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Koronaviruset har spreidd seg over store delar av landet. Likevel er det nokre kommunar som ser ut til å ha unngått smitte.

Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen meiner gode tiltak har gjort at dei er blant kommunane på lista.

– Me sette i gang fleire tiltak på eit tidlegare tidspunkt enn myndigheitene. I tillegg har me informert innbyggarane veldig godt. Me har mellom anna laga videoar for å gjere det enkelt for innbyggarane å få informasjon.

Erik Skjervagen

IKKJE TILFELDIG: Ordførar i Fyresdal kommune meiner gode tiltak og at folk tør å seie ifrå har vore nøkkelen.

Foto: Laila Heimdal Skjervagen

Det bur berre 1287 personar i kommunen i indre Telemark. Ordføraren meiner distriktskommunane har bruka dette til sin fordel for å unngå koronaviruset.

– Me har eit lite, gjennomsiktig samfunn. Folk fylgjer med, folk veit om du har vore i utlandet, folk veit om du har vore i andre kommunar og folk veit kva du har gjort. Det er nok ein større sjølvdisiplin i eit lite samfunn, som ser ut til å fungere bra, seier Skjervagen.

Han får støtte frå nabokommunen Nissedal.

– Her passar folk på kvarandre på godt og vondt, seier ordføraren der, Halvor Homme.

Treungen sentrum.

KORONAFRITT: Treungen i Nissedal kommune har så langt vore koronafritt.

Foto: Håkon Lie

Han meiner det kan vere lettare å halde avstand i bygdene, samstundes som han innrømmer at dei nok har hatt litt flaks.

Kan ikkje heilt utelukke smitte

Fylkeslegen i Vestfold og Telemark, Jan-Arne Hunnestad, meiner det kan ha vore smitte i nokre av dei 76 kommunane, men utan at det har vore registrert hos FHI.

– Ein kan ikkje utelukke at det har vore smitte i nokre av kommunane, men at den sosiale distanseringa har gjort slik at det ikkje har spreidd seg.

Jan-Arne Hunnestad, fylkeslege.

AVSTAND: Jan-Arne Hunnestad, fylkeslege i Vestfold og Telemark seier avstand har vist seg å fungere på koronaviruset. Avstand er også styrken til distriktskommunane.

Foto: Håkon Lie

Han trekkjer fram at det vil vere ein meir naturleg avstand mellom folk i distriktskommunane, noko som har vist seg å vere effektivt i kampen mot koronaviruset.

– Styrken til distriktskommunane er at det er færre som står tett saman på kollektivtrafikk, det er mindre samanstimling i butikkar og mindre kødanningar.

Flaks

Trøndelags-kommunen Nærøysund er den koronafrie kommunen med flest innbyggarar, med sine 9623 personar.

Ordføraren i kommunen, Amund Hellesø, meiner dei har hatt flaks. Samstundes trekkjer han fram næringslivet som ein viktig faktor.

– Me har hatt eit næringsliv som har vore veldig bevisst på utfordringane og som har vore flinke og strenge med eigne retningslinjer. Fleire bedrifter har strengare interne reglar og rutinar enn dei nasjonale retningslinjene, seier Hellsø.

Nærøybrua

NÆRØYSUNDBRUA: – Me har ei gunstig plassering med tanke på smitte, seier ordførar Amund Hellesø i Nærøysund.

Foto: Linda Bjoergan / NRK

Han peikar også på gode haldingar hjå innbyggarane og den geografiske plasseringa.

– Me er heilt nord i Trøndelag, heilt på kysten og ligg langt unna dei store byane som er mest eksponert for smitte.

Ungdommen får skryt

– Eg trur aldri det har vore så mykje folk i kommunen nokon gong, seier Per Kristian Lunden, ordførar i Risør kommune.

Til trass for eit enormt besøk i sommar, har sørlandskommunen greidd å halde seg koronafri.

– Me er ein kommune der mange kjenner kvarandre og tør å minne kvarandre på kva som gjeld. Me har kanskje ein storleik som er passe god, men eg veit me har vore heldige.

– Me har jobba systematisk for at me ikkje skal få smitte, men me kan sjølvsagt få smitte når som helst. Det har me ingen garanti for, seier Lunden.

Ordførar i Risør, Per Kristian Lunden.

MYKJE BESØK: Trass i ein rekordsommar i Risør, har kommunen unngått koronaviruset.

Foto: Niclas Halvorsen

Han vil også skryte av ungdommen i kommunen.

– Vår ungdom har vore utruleg flinke. Heilt frå planlegging av russetid, gjennom russetida og utover. Om ungdom har vore eit problem andre stader, er ikkje dette tilfelle her, tvert i mot. Her har dei vore gode førebilete, avsluttar ordføraren.

NRK meldte først 78 kommuner, men på grunn av et smittetilfelle i Hjelmeland og Hyllestad er tallet nå rettet til 76.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 20.06.2021
1 113
Smittede siste 7 dager
39
Innlagte
790
Døde
2 122 782
Vaksinerte