Hopp til innhold

Dei beste påsketipsa for (nesten) uansett kva du skal🐣

Veit du korleis du lagar den herlegaste kakaoen, eller når det er mest påsketrafikk? Her er tipsa du treng.

Kollage påskestemning

Ein kan gjera mykje hyggeleg påsken.

Foto: Illustrasjon

Her kan du velje kva for kategori du vil ha tips frå:

Biltur

Riktig pakket bil

Slik ser eit bagasjerom ut som er riktig pakka.

Foto: Terje Heiestad/Norsk Luftambulanse

Me har samla dei beste tipsa for ein behageleg, trygg og sikker tur til påskedestinasjonen:

  • Pakk bagasjen i bilen riktig: Skadeførebyggjar i Fremtind, Therese Hofstad-Nielsen råder alle til å sørge for at lause gjenstandar er godt festa og sikra i bilen. Hugs også fri sikt bakover, så pakk heller i breidda enn i høgda. Sjekk at skiboksen er skikkeleg lukka og helst låst.
  • Behald vinterdekka på: Det er allereie bar asfalt mange stader, men det kan vere snø på fjellet og smeltevatn på vegane som frys til is på natta. Pass på at bilen er riktig skodd. Skulle noko skje kan du risikere ikkje berre å skade bilen, deg sjølv og andre – men du kan også få mindre att på forsikringa om du ikkje har teke dine forholdsreglar, seier Hofstad-Nielsen.
  • Unngå ladekø: . – Planlegg kor du skal ha ladestopp og om mogleg, sørg for å ha lademoglegheiter der du skal bu, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF.
  • Stor trafikk: – Onsdag i påskeveka blir som vanleg travle utfartsdagar, seier avdelingsdirektør Nils Audun Karbø i Statens vegvesen. Han oppfordrar alle som skal køyre på påskeferie desse dagane til å berekne god tid, og å førebu seg på kø langs dei mest trafikkerte strekningane. Planlegg turen for ein stressfri start på påskeferien.

Tilbake til toppen

Hyttetur

Hytta er populær i påsken.
Foto: Gorm Kallestad / NTB

Har du hytte skal du kanskje bruke den i påska. Under kjem nokre tips til hytta.

  • Du kan jobbe trygt frå hytta: Medan det er eigne reglar for når du jobbar heimanfrå er det arbeidsmiljølova som gjeld når du jobbar på hytta.
  • Lag di eiga nødplakat: Ei nødplakat har all informasjonen naudetatane treng for å finne fram når du treng rask hjelp. Innhaldet bør vera nødnummera, koordinatane der du er, og ei oversyn over kva symptom du alltid skal ta på alvor. Skriv ut og heng opp til dømes på hytta.
  • Sjekk røykvarslaren: Brannvernsforeininga ber alle ta ein sjekk på brannsikkerheita i hytta i påska. Dei har difor laga ei sjekkliste som kan vere lurt å gå gjennom.

Tilbake til toppen

Båttur

Langfredag bød på det beste været så langt i påsken på Sørlandet i 2017
Foto: Halvard Alvik / NTB

Mange vel ei påske ved sjøen. Her kjem nokre tips til dei fyrste båtturane.

  • Sjekk båt og utstyr før du legg ut på tur: Mykje er gjort med gode førebuingar. Det er viktig at du sjekkar båt og utstyr før du legg ut på tur. Dette kan utgjere skilnaden på ein god og dårleg dag på sjøen.
  • Bruk litt ekstra tid på service og vedlikehald i før sjøsetting: Grunnen til at mange treng hjelp på årets fyrste tur er som regel motorstopp som følgje av manglande vedlikehald, ureiningar i drivstoffet eller at du får vatninntrenging i skroggjennomføringar som ikkje er ordentleg lukka eller halde ved like etter vinteropplag.

Tilbake til toppen

Utanlandsreise

Torp Sandefjord lufthavn
Foto: Torp Sandefjord lufthavn

Fleire vel å reise til utlandet i påskeferien. Det kan vere lenge sidan ein har vore over landegrensa, så under kjem nokre punkt å hugse på.

  • Sjekk at passet ditt er gyldig: Alle pass bør vere gyldig i seks månader etter planlagt retur. Ver merksemd på at passet berre er gyldig så lenge det er skadefritt og du er lett å kjenne igjen på biletet.
  • Sett deg inn i lokale restriksjonar: Sjølv om det globale reiserådet blei oppheva 21. oktober 2021, kan det framleis vere lokale restriksjonar og smitteverntiltak. Følg difor med på kva som gjeld dit du skal reise, og sjekk koronasertifikatet ditt.
  • Sjekk at reiseforsikringa di er gyldig: Vanleg praksis er at reiseforsikringa din gjeld som normalt, om det ikkje er eit reiseråd frå UD knytt til destinasjonen.
  • Ta med reisekortet på tur: Reisekortet er eit bevis på at du har reiseforsikring og det er dette legekontoret/sjukehuset i utlandet vil spørje etter om du skulle bli utsett for sjukdom eller skade. Reisekortet ditt får du på mobilen, slik at du alltid har det tilgjengeleg.

Tilbake til toppen

Påskemat

Mat til påske, lammelår
Foto: NRK

Med påska følgjer det også med god mat og drikke. Under finn du inspirasjon til oppskrifter og nokre fakta om den typiske påskefrukta, appelsin.

  • Brød: Torunn Nordbø i Brød og korn kjem med tipset at ein bør lage påskefrukosten saman med born. I påska har mange god tid til å lage mat saman og kva er vel betre enn å få borna med på matlaginga. – Har du prøva å duppe sprøsteikte brødstavar i eit blautkoka egg før? spør Nordbø.
  • Egg: Ho kjem også med tips til å bruke egget på nye måtar. Kva med å steike speilegget inne i skiva, spør ho. Ho anbefaler også luksusklassikaren, Eggs Benedict.

  • Appelsin: Ei appelsin om dagen er faktisk det som skal til for å dekke behovet for vitamin C, seier Malén Gudbrandsgard i MatPrat. I tillegg til å ver bra for immunforsvaret, er vitamin C også bra for bindevevet vårt, det verkar som ein antioksidant i kroppen, og aukar opptaket av jern, forklarar ho. Under følgjer nokre tips til appelsinrettar.

  • Kakao: For å gjere ekstra stas ut av heime- eller hyttekosen kan kakao kombinerast med andre spanande ingrediensar, seier Terese Glemminge Arnesen i melk.no. – Kakao eignar seg veldig godt saman med til dømes chili, kanel, ingefær og bringebær. Og den ultimate påskekakaoen får du om du tilsett litt ferskpressa appelsin, seier Glemminge Arnesen. Under finn du spanande kakaooppskrifter:

Tilbake til toppen

Fjelltur

SKi

Mange skal til fjells i påska. Faktisk visar ei undersøking frå Norstat at 1,2 millionar nordmenn skal utnytte den siste snøen. Folk er difor opptekne av korleis snø og isforholda er der ein skal ferdast. Under kjem ein grov geografisk oversikt.

Kald blåtime ved Femund i romjula

Femundsmarka

  • Skiforhold: Meldast om lite snø, men fine forhold. Det held fram med kuldegrader heile døgnet framover, så snøen vil bli liggande i påska, med dei kuldegradene som er nå.
  • Isforhold: I fjellet er det gode isforhold og vatna er stort sett snødekte over om lag 500-700 moh, på nokre vatn er det nedsmelta område opp til 1000 moh. Sjølv om isen er eksponert for sollys, så har ikkje vårisdanninga starta i fjellet endå. Men mange vatn er regulerte og uvanleg mykje nedtappa i år. Så ver merksam på svekka is.
  • Skredfare: Ingen opplysningar.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Mann med pulk på tur

Hardangervidda

  • Skiforhold: Det er godt med snø på vidda, og eit lite påfyll med nysnø sundag og mandag har gjedd fine forhold. Det har vore litt lite snø på sørøstvidda, men nysnø og kuldegrader har betra forholda.
  • Isforhold: I fjellet er det gode isforhold og vatna er stort sett snødekte over om lag 500-700 moh, på nokre vatn er det nedsmelta område opp til 1000 moh. Sjølv om isen er eksponert for sollys, så har ikkje vårisdanninga starta i fjellet endå. Men mange vatn er regulerte og uvanleg mykje nedtappa i år. Så ver merksam på svekka is.
  • Skredfare: Liten til moderat.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Morgenstemning i Rondane

Rondane

  • Skiforhold: Ved Rondvassbu i Rondane er det fine forhold. Det er lite snø nord og aust i Rondane.
  • Isforhold: I fjellet er det gode isforhold og vatna er stort sett snødekte over om lag 500-700 moh, på nokre vatn er det nedsmelta område opp til 1000 moh. Sjølv om isen er eksponert for sollys, så har ikkje vårisdanninga starta i fjellet endå. Men mange vatn er regulerte og uvanleg mykje nedtappa i år. Så ver merksam på svekka is.
  • Skredfare: Ingen opplysningar.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Haldorbu i Langsua

Langsua

  • Skiforhold: Generelt lite snø, men mogleg å gå på ski der løypene har sett seg.
  • Isforhold: I fjellet er det gode isforhold og vatna er stort sett snødekte over om lag 500-700 moh, på nokre vatn er det nedsmelta område opp til 1000 moh. Sjølv om isen er eksponert for sollys, så har ikkje vårisdanninga starta i fjellet endå. Men mange vatn er regulerte og uvanleg mykje nedtappa i år. Så ver merksam på svekka is.
  • Skredfare: Ingen opplysningar.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Hedmarksvidda i romjula 28.12.09

Hedmarksvidda

  • Skiforhold: Det er skiføre på Hedmarksvidda, og det kjem til å halde seg heile påska. Hardt på morgonen og mjukt om ettermiddagen.
  • Isforhold: I fjellet er det gode isforhold og vatna er stort sett snødekte over om lag 500-700 moh, på nokre vatn er det nedsmelta område opp til 1000 moh. Sjølv om isen er eksponert for sollys, så har ikkje vårisdanninga starta i fjellet endå. Men mange vatn er regulerte og uvanleg mykje nedtappa i år. Så ver merksam på svekka is.
  • Skredfare: Ingen opplysningar.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

17.mai tog til Jotunheimen

Jotunheimen

  • Skiforhold: Det er flotte forhold i Jotunheimen. Mest snø i vestlege område, men dei seiste dagane har det kome mellom 5 og 15 cm nysnø mange stader. Det er difor skare under og fin styresnø oppå.
  • Isforhold: I fjellet er det gode isforhold og vatna er stort sett snødekte over om lag 500-700 moh, på nokre vatn er det nedsmelta område opp til 1000 moh. Sjølv om isen er eksponert for sollys, så har ikkje vårisdanninga starta i fjellet endå. Men mange vatn er regulerte og uvanleg mykje nedtappa i år. Så ver merksam på svekka is.
  • Skredfare: Moderat fare.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Skredøving i Breheimen

Breheimen

  • Skiforhold: Fine forhold og godt skiføre. Om lag 70-80 cm ved Sota Sæter.
  • Isforhold: I fjellet er det gode isforhold og vatna er stort sett snødekte over Om lag 500-700 moh, på nokre vatn er det nedsmelta område opp til 1000 moh. Sjølv om isen er eksponert for sollys, så har ikkje vårisdanninga starta i fjellet endå. Men mange vatn er regulerte og uvanleg mykje nedtappa i år. Så ver merksam på svekka is.
  • Skredfare: Moderat fare.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Iungdalshytta

Skarvheimen

  • Skiforhold: Supre forhold etter snøfallet dei seiste dagane. Hardt under og eit fint lag med styresnø på toppen.
  • Isforhold: I fjellet er det gode isforhold og vatna er stort sett snødekte over om lag 500-700 moh, på nokre vatn er det nedsmelta område opp til 1000 moh. Sjølv om isen er eksponert for sollys, så har ikkje vårisdanninga starta i fjellet endå. Men mange vatn er regulerte og uvanleg mykje nedtappa i år. Så ver merksam på svekka is.
  • Skredfare: Liten til moderat fare.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

ski

Ryfylkeheiane

  • Skiforhold: Har skikkeleg gode forhold. Det har kome litt påfyll av nysnø i starten av denne veka.
  • Isforhold: Dei seiste dagane har det vore kjøleg, med nattefrost også i låglandet. Det er likevel stort sett isfritt i låglandet, men nedbrytinga av isen over om lag 400 moh har stoppa opp.
  • Skredfare: Moderat fare.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Vinterstemnings Sirdalsheiane

Setesdalheiane og Sirdalsheiane

  • Skiforhold: Bra med snø med 60-100 cm. Ein god vinter og veldig gode skiforhold nå. Stabilt kalde temperaturar den siste tida.
  • Isforhold: Dei seiste dagane har det vore kjøleg, med nattefrost også i låglandet. Det er likevel stort sett isfritt i låglandet, men nedbrytinga av isen over om lag 400 moh har stoppa opp.
  • Skredfare: Moderat fare.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Skiløpere i Lyngsalpene

Troms og Finnmark

  • Skiforhold: Masse snø og flotte forhold. DNT Alta og omegn melder om glimmrande skiføre.
  • Isforhold: Den siste veka har vore kald med ein god del snøfall. Ein må dirfor rekne med overvatn på den snødekte isen. Varsom.no reknar likevel isen som farbar på alle vatn i Troms. I Finnmark er vatn vurderes alle vatn som farbare, men etter mye snø må ein forvente overvatn i låglandet vest i regionen.
  • Skredfare: Betydeleg fare.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

En gjeng kjører ned fra Narvikfjellet.

Nordland

  • Skiforhold: Nok med snø og gode skiforhold i heile Nordland. Mykje laussnø etter snøfall.
  • Isforhold: Dei seiste dagane har det blitt gradvis kaldere vêr og meir moderate nedbørmengder. Isen ligg nesten til havsnivå. Fleire store nedbørepisodar som regn gav overvatn, svakheiter langs land og svakheiter der det er straum under isen, hovedsakeleg i låglandet. Mykje er nå fryst til att, men endå kan isen vere for svak. Svakheitene kan også vere skjult under nysnø.
  • Skredfare: Moderat til betydeleg fare.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Skitur i Børgefjell i pinsa

Nord-Trøndelag

  • Skiforhold: I nordre del av Trøndelag er det rikeleg med snø. Det er kuldegrader i fjellet som gjer at skiføret held seg godt.
  • Isforhold: Dei seiste dagane har det vore kjøleg, med nattefrost også i låglandet. Det er likevel stort sett isfritt i låglandet under om lag 100-400 moh, høgast vest i regionen. Nedbrytinga av den gjenverende isen går nå betydeleg seinare.
  • Skredfare: Ingen opplysningar.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Kveldssol ved Tovatna i Trollheimen

Trollheimen og Sylan

  • Skiforhold: Det er mykje snø. Snøen har lagt seg fint og jamna ut dolpane i terrenget. Det er fast og fint å gåmed nysnø på toppen.
  • Isforhold: Dei seiste dagane har det vore kjøleg, med nattefrost også i låglandet. Det er likevel stort sett isfritt i låglandet under om lag 100-400 moh, høgast vest i regionen. Nedbrytinga av den gjenverende isen går nå betydeleg seinare.
  • Skredfare: Betydeleg fare.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Dovrefjell i vårsol

Dovrefjell

  • Skiforhold: Fine forhold. Det har kome påfyll av 30 cm nysnø og med minusgrader heile døgnet kjem føret til å halde seg.
  • Isforhold: Dei seiste dagane har det vore kjøleg, med nattefrost også i låglandet. Det er likevel stort sett isfritt i låglandet under om lag 100-400 moh, høgast vest i regionen. Nedbrytinga av den gjenverende isen går nå betydeleg seinare.
  • Skredfare: Betydeleg fare.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Båttur Tafjordfjella

Tafjordfjella og Sunnmøre

  • Skiforhold: Generelt gode forhold på Sunnmøre og i Tafjordfjella, og mykje snø i fjellet. Det har kome 20-40 cm dei seiste dagane.
  • Isforhold: Dei seiste dagane har det vore kjøleg, med nattefrost også i låglandet. Det er likevel stort sett isfritt i låglandet, men nedbrytinga av isen over om lag 400 moh har stoppa opp.
  • Skredfare: Betydeleg fare.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Kvisting i Bergsdalen

Stølsheimen, Bergsdalen og Kvammafjella

  • Skiforhold: Fantastiske forhold i fjellet på Vestlandet med 10-15 cm nysnø denne veka.
  • Isforhold: Dei seiste dagane har det vore kjøleg, med nattefrost også i låglandet. Det er likevel stort sett isfritt i låglandet, men nedbrytinga av isen over om lag 400 moh har stoppa opp.
  • Skredfare: Moderat til betydeleg fare.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: DNT og varsom.no

Skitur i Nordmarka.

Nordmarka

  • Skiforhold: Det går an å gå på ski innover, men forvent litt bæring av skiene over lyng og is. Det er lite snø i terrenget og vegane begynnar å bli bare.
  • Isforhold: Isen i låglandet svekkast seint i klarvêr med nattefrost, særleg nær kysten av ytre Oslofjord og i Østfold, kor mange vatn nå er isfrie. Lengre inn i landet er det relativt gode isforhold, og isen er stort sett snødekt over om lag 500-700 moh. Mange av dei største innsjøane i låglandet er isfrie.
  • Skredfare: Ingen opplysningar.

NRK går ikkje god for føremeldingane og ein bør alltid sjekke ut forholda før ein legg ut på tur. Sjekk yr.no for vermelding og varsom.no for skredvarsel og isforhold.

Kjelde: Skiforeningen og varsom.no

  • Hugs solkrem: Høgfjellssola kan vere skummel, så bruk difor solkrem med høg faktor.
  • Sett deg inn i fjellvettreglane: Vis omsyn i skiløypa og til andre rundt deg.

Tilbake til toppen

God påske!

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark